Kvinneundertrykking & Porno

haa@ssb.no
Tue, 16 Apr 96 15:38:07 NST

Hei alle saman,
denne debatten tok visst aldri heilt av, men eg gjer eit nytt forsoek paa aa
lure ut nokre synspunkt av den store tause flokken.

Tankane dreier seg om porno som undertrykking. Eg trekk ikkje i tvil at pornoen
gjev uttrykk for mykje kvinneforakt, og held mange mytar i live (den glade hora,
at kvinner gjerne vil verte valdtekne, und so weiter). Han gjev dessutan eit
forvrengt bilete av seksualitet (det same gjer mange skildringar av sex som vi
ikkje ville karakerisere som porno), og gjev dei av oss mannfolk som har lese
ein del porno eit urealistisk bilete av korleis kvinner ser ut.

Eg trur likevel at

- bilete av kjonnsorgan og/eller pene meir eller mindre nakne kroppar verkar
opphissande paa mange, ikkje berre saakalla gamle (unge!) grisar. Det same gjeld
bilete av folk som pular.
- slikt materiale er ikkje noedvendigvis ekvivalent med kvinneundertrykking

T.d. synest eg Cupido er relativt gode til aa treffe balansen. Om Cupido er eit
pornoblad eller ikkje hoyrer inn under rubrikken "gode norske debattar".

Eg trur vidare at for dei fleste kvinner er trykket fraa reklamen, KK, andre
kvinner, mamma og H&M eit mykje stoerre problem enn den reine pornoen.
Kampen paa den fronten er viktigare, spoer du meg.
Kvifor handlar kvinner framleis paa H&M ?

Er det forresten nokon som har sett paa TV i Italia ? Der vert kvinner nytta som
blikkfang i eit omfang som er heilt skamlaust, og presset for aa vere slank er
enormt sterkt. Eg har ikkje tal for anoreksi, men eg vil tru at dei er hoege.

Takk for oppmerksomheita,

Jon Aarbakke