Presentasjon

Alf Lejon (lejon@telepost.no)
Tue, 19 Mar 1996 19:25:30 +0100

Alf Lejon: 52 år, gift, to barn (9 og 13 år). Bur i Stavanger.
Adjunkt. Etter mange år i ungdomsskulen gjekk eg skuleåret 1994/95
over på barnetrinnet. Der var eg så heldig å få ein nynorskklasse.
Desse eleva ne går no i 2.klasse. På skulen er eg dette skuleåret
leiar av eit internettprosjekt der målet er å finna interessante
pedagogiske måtar å nytta e-postsystemet og systemet for søking i
databasar. Me har ein del interessante ting på gang, om nokre skulle
vera interessert i det. I tillegg er eg varatillitsvalt i
Lærarforbundet sin klubb ved skulen. Politisk bakgrunn: 1966 - 69:
Sosialistisk studentlag i Bergen, Sosialistisk Ungdomsforbund og
Sosialistisk Folkeparti. I nokre av desse åra arbeidde eg som
assistent ved Bergen off. Bibliotek og var organisert i
Kommuneforbundet. Som kommuneforbundsmedlem og SUF-medlem var eg med å
organiserte ein fagleg konferanse som samla mange deltakarar frå
vestlandet. 1969 - ca.1975: SUF(m-l), kor eg dei første av desse
åra var medlem i sentralkomiteen. Deltok på loftet hos Kjell
Pettersen i førebuinga av streiken i Sauda i 1970, og deltok hausten
same året i delegasjonen til Kina kor me møtte Mao Tsetung. Eg blei
ikkje med på proletariseringskampanjen, glei ut av SUF(m-l) og
konsentrerte meg om aktivistarbeid (Nei til EEC, FNL-grupper og
Palestinakomiteen). 1975 - 1980: Min mest passive periode. Vakna
politisk til live av Tramteatret si store framsyning "Back to the
eighties". Melde meg inn i Raud Valallianse i Stavanger i 1980 der eg
var med i 5 år. I landstyret var eg saman med andre i kamp mot
AKP(m-l) sitt eigarskap av RV og for utviding av dei demokratiske
rettane til dei RV-medlemmene som ikkje var medlemmer i AKP(m-l). Den
kampen tapte me og eg gjekk ut av RV i 1985. Sidan då kom mine
politiske synspunkt mest til syne i lesarbrevspalter, i
solidaritetsarbeidet for Eritrea, som leiar i Norsk
Undervisningsforbund i Stavanger( idag Lærarforbundet) og i Nei til EU
i Stavanger der eg var leiar dei siste 1 1/2 åra fram til
folkerøystinga i november -94.
Frå seinhausten 1993 har eg vore medlem i Stavanger SV, og er inne i
min andre periode som nestleiar der. I tillegg er eg leiar i Jordbruk-
og distriktspolitisk utval i Rogaland SV.
Eg har ikkje fritidsproblem.

Helsing Alf