Med Internett mot ei betre framtid?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 19 Feb 1997 11:07:42 +-100

Eg har lyst, men eigenleg ikkje tid, til å kaste meg inn i denne
debatten. (Det kan også vere svar "på vegner av mange" kvifor det
ikkje er fleire aktive på forumet.) Derfor berre nokre kommentarar.

Heming Leira, Bjarne Nærum og andre har skrive om dei positive sidene
ved datarevolusjonen og Internett. (Endå større vyer finst hos Trond
Andresen, men dei vil eg ikkje gå inn på her.) Dette er bra, og eg er
samd i at den nye teknologien _kan_ utnyttast positivt til å skape eit
betre samfunn. Det finst mange eksempel på fine måtar å nytte
teknologien på -- dette forumet er ein av dei. Berre så det er sagt.

Men vi må ikkje gløyme kven som har makta. Internett, slik vi kjenner
det i dag, kjem neppe til å overleve meir enn eit år eller to.

Nokre eksempel:

1. Internett er no eit slags spleiselag. Det er billeg å vere med på
det, alle betaler grovt sett like mykje, og alle får omtrent den same
(middelmådige) sørvisen. Slik kjem det ikkje til å halde fram særleg
lenge, for kapasiteten er på grensa til å bli sprengd, og fleire og
fleire brukarar kjem til.

Dei som synest dei har viktig trafikk, og som har råd til det, kjem
til å skaffe seg prioriterte kanalar gjennom nettet. Det går sjølvsagt
ut over oss andre, men det kan jo hende at nokon er snille med oss og
aukar kapasiteten også for den uprioriterte trafikken.

2. Internett held alt no på å bli ei handlegate. Reklamen er plagsam
på populære vev-sider. Når teknologien for pengeoverføring blir sikker
nok, kjem dette til å skyte ny fart. Tenester som no er gratis, kjem
til å koste pengar. ("Oppgje kredittkortnummer og pin-kode for å gå
vidare", eller noko slikt. Kanskje det blir umuleg å komme ut på
nettet utan å ha smartkortet ståande i lesaren, som alle PC-ar i så
fall må utstyrast med.)

3. Internett blir eit underhaldningsmedium, for her ligg det store
pengar. Film- og kabel-TV-selskapa slåst på kvar sin kant om kven som
skal levere video på bestilling til heimane. I staden for å zappe
mellom ørten TV-kanalar, som i dag, skal vi få velje mellom ørten
tusen filmar, lasta ned til oss når vi ber om det. Dette krev
overføringskapasitet som ikkje finst i dag, men som er under
planlegging. Resultatet blir sjølvsagt noko heilt anna enn det
"internettet" vi kjenner, og det kjem kanskje til å få eit anna namn.

4. Eigedomsretten til informasjon blir monopolisert. Bill Gates,
eigar av Microsoft og visstnok den rikaste mannen i USA, støvsugar
marknaden for fotografi. Han har sikkert ikkje tenkt å bruke alle
sjølv, men dersom han tener nokre cent kvar gong nokon lagar (eller
ser på) ei Internett-side med illustrasjonar, blir han endå rikare
enn før.

Hugs: Det er ikkje vi idealistar på venstresida som bestemmer kva
teknologien skal brukast til!

Lars Staurset