Alnabru-"slaget"

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 12 Feb 1997 11:35:11 +0000

Det saakalla "slaget" paa
Alnabru har vorte eit hett tema for

ordskifte om antirasistisk strategi. Hovudaarsaken til det er at

media sine oppslag om demonstrasjonen saa og seie BERRE handla om

ruteknusinga som eit lite mindretal i demonstrasjonen sto for.

Eg er samd med Stig Berntsen naar han klager over at "venstresidas

avis" Klassekampen og har denne einsidige vinklinga, men meiner at

han bagatelliserer kva saka i roeynda handlar om:

-Er det rett aa nytta fysisk makt i slike demonstrasjonar?

=46oerst vil eg koma med ein presisering. Etter demonstrasjonen har det

vorte framstilt som om ruteknusinga vart gjennomfoert av folk fraa

SOS Rasisme og RU. Eg var sjoelv paa Alnabru den dagen, og veit

99,9% sikkert at INGEN fraa Raud Ungdom var med paa aa knuse ruter.

Tvert imot var det ein liten gjeng RUarar som tok initiativ til

aa ropa slagord MOT knusinga naar ho starta aa "ta av". Ruteknusinga

var det, saa vidt eg veit, folk kring AFA/Blitz-miljoeet som tok seg

av. (Eg er troender, og kjenner dei ikkje godt nok til aa vera sikker)

Eg er IKKJE prinsipiell motstandar av aa knusa rutene til nazistane,

for aa gjera det "hett" for dei eller husverten. Dette er eit

spoersmaal om TAKTIKK. Eg kan vera med paa eit ordskifte om det er

rett aa knusa rutene, men i saa fall gjer ein det ikkje naar "heile

verda" ser paa! Det EINASTE ein oppnaar ved aa gjera det slik som det

vart gjort paa Alnabru, om ein ser bort i fraa den barnslege gleda

ruteknusarane kjenner naar dei gjer det, er aa sikra at antinazistisk

kamp vert sett paa som valdsromantiske brushovud driv med. Av

tidlegare roeynsle VEIT vi at det er nett den (lille) delen av

demonstrasjonen media kjem til aa fokusera paa, nett av di dei

tenker tabloid. For meg vert dette ein taktikk som berre nazistane

tener paa, dei er jo allereie ein liten gjeng valdsromantikarar, og

har ikkje noko aa tapa.

Saa kan ein seie at det er feil av meg som troender, som ikkje kjenner

tilhoeva i Oslo godt nok, aa uttala meg om slike saker, av di roeynda

i Trondheim er mykje tryggare. Til det vil eg svara at kva for taktikk

antirasistar velger i Oslo har enorm effekt paa antirasistar sitt

arbeid i heile landet. Media er sentrert i Oslo, og det som vert

gjort i Oslo vert ein mal for resten av landet. Naar eg staar og

etlar ut flygeblad for SOS Rasisme i Trondheim, vert eg moett med

at vi er ein gjeng actionkaate ruteknusarar, av di det er det folk

kjenner til fraa SOS i media. Paa same maate vil eit slikt "image"

trekka feil folk til SOS Rasisme, og vil inspirera folk andre stader

i Noreg til aa vera like lite taktiske i deira antirasistiske

verksemd. Om militant antirasisme kanhende moeter sympati i Oslogryta,

er det saers lite truleg at det kjem til aa gjera det i Levanger.

Det er paa hoeg tid at denne typen taktiske spoersmaal vert tekne opp

til ordskifte i den antirasistiske roersla i Oslo. Kanhende kan det=A8

vera smart aa neste gong ikkje ha med dei elementa som berre er ute

etter action i demonstrasjonane - for den politiske bredda ville det

truleg vera eit saers overkommeleg offer.

Venleg helsing

Paal Hellesnes