Overvaking av kurdarar i Noreg!?

Kurder (ta1012@sn.no)
Thu, 6 Feb 1997 12:29:18 +0000

Overvaking av kurdarar i Noreg!?

Den siste tida har det blitt rulla opp avsløringar om omfattande
overvaking av det kurdiske eksilmiljøet i Danmark, og ingen på
venstresida i Noreg må bli overraska om det no blir rulla opp liknande
avsløringar frå Noreg. Truleg er ymse eksilmiljø knytt til
frigjeringsrørsler i tredje verda no større offer for overvaking enn
nokon gong før, og truleg går det føre seg minst like omfattande
overvaking av ymse eksilmiljø i Noreg som av resten av den norske
venstresida. Kurdarane er berre ei gruppe her, sjølv om dei nok
figurerer høgt oppe på Hysj-tenestene si 10 på Topp-liste.

I Danmark vart det som kjent avslørt at det danske overvakingspolitiet
hadde overvaka det kurdiske eksilparlamentet sitt møte i København i
mars 1996, og sendt utførleg rapport til tyrkiske styresmakter i tråd
med ein avtale mellom dei to landa. Etter avsløringane frå Danmark er
det no naudsynt å spørra seg, og overvakingspolitiet, om dei norske
hemmelege tenestene gjorde det samme når det kurdiske eksilparlamentet
var samla til møte i Oslo november 1996. Politisjefen i Oslo har
allerede blitt konfrontert med dette og vil hverken koma med
stadfesting eller avkrefting. Det finst =F3g delar i overvakingsinnstruks
som gjer at det truleg blir utveksla informasjon mellom norsk POT og
tyrkisk MIT.

POT seier at informasjon om eksilmiljø vanlegvis ikkje blir levert
vidare til dei landa dei kjem i frå. Om dette stemmer, blir informasjon
om kurdarane likevel sendt til t.d Tyskland som har eit nært
overvakingssamarbeid med Tyrkia og har gjort både PKK og den kurdiske
nasjonale frigjeringsfronten ERNK illegale?

Ingen må altså bli overraska om det skulle syna seg at det i dag går
føre seg omfattande overvaking av kurdarane i Noreg, på samme vis som
det nok føregår overvaking av kurdarar, og deira organisasjonar, i
andre vestlege land. Kurdarane har i dag ei av dei største og best
organiserte frigjeringsrørslene i verda med frigjeringsfronten ERNK og
det kurdiske arbeidarpartiet PKK. ERNK er =F3g særs godt organisert i
Europa med kontor i ei rekke europeiske land. I tillegg organiserer
kurdarane motstandskamp for frigjering av eit av dei viktigaste områda
i verda; Kurdistan. Eit område som er utruleg rikt på ressursar, og som
ligg strategisk til i Midt-Austen.

Det er =F3g hendingar, og ting som er sagt frå ymse personar i Noreg, som
forsterker tanken om omfattande overvaking av kurdarane i Noreg.

4.november 1994 var borna til den fengsla kurdiske parlamentarikaren
Leyla Zana til stades i Bergen for å motta Rafto-stiftelsen sin pris på
vegne av mora. På ei tilskiping på handelshøgskulen samme dag, kor
borna til Zana var til stades, vart ein kjent representant frå POT
observert. På ei tilskiping samme kvelden kor borna og var til stades
vart representanten frå POT observert nok ein gong.

2 år etter, 1.november 1996, skulle Støttekomiteen Kurdernes Venner i
Bergen i samarbeid med Bergen SAMORG ha ein solidaritetsfest i Folkets
Hus i Bergen. Når leiar for Kurdernes Venner i Bergen, Bjarke Friborg,
tidlegare på dagen kom eit ærend til lokalet i Folkets Hus fekk han
melding om at ein person frå politiet hadde vore der tidlegare på
dagen. Friborg fekk navnet på politibetjenten og fekk etter nokre
telefonar tak i internnummeret til betjenten. Når han ringte nummeret
kom han fram til POT sin regionssentral på vestlandet. Han fikk melding
om at det var riktig at dei hadde vore på Folkets Hus tidlegare på
dagen. Forklaringa som vart gjeve var at dei skulle gje Kurdernes
Venner beskytting for tyrkarar. Ein venleg tanke om det er sant.
Bergens-avisa kunne samme dag melda at overvakingspolitiet vurderte å
halda kontroll med tilskipinga. Det vart opplyst av politiinspektør
Einar Drægebø i Politiets Overvakingsteneste Regionsentral Vestlandet.
- Med bakgrunn i at møtet er ein del av ein internasjonal konflikt,
vurderer vi sikkerheten til de som skal delta fortløpende, sa Drægebø
til Bergens-avisa. Politiet hadde registrert plakatane frå Kurdernes
Venner. I tillegg ba politiet om å få ei liste over deltakarane på
tilskipinga. Om POT berre ville sørga for tryggleiken på tilskipinga
kvifor ynskte dei då ei liste over deltakarane?

Onsdag 5.februar vart representanten for den kurdiske frigjeringsrørsla
ERNK i Noreg, Seckin Güneser, stogga av Oslo-politiet då han kom
attende frå ei reise i Sverige. Forklaringa dei ga på at dei stogga har
var at dei var ute etter narkotika. Kvifor vart då Seckin utsatt for
poltisk avhøyr, spurt om han er medlem av PKK og fratatt politiske
dokument? Kvifor ligg Seckin sin søknad om opphaldsløyve i Noreg til
handsaming hjå POT?

Ein av sjefane i POT, Iver Frigård, skal ha sagt i 1991 at kurdarane
var ei særs prioritert gruppe for POT. Eit par år etter avslørte
Dagbladet at POT innstalerte seg i Folkets Hus i Oslo for å spana på
den kurdiske paraplyorganisasjonen Kurdisk arbeidarføderasjon som heldt
til i Samfunnshuset på den andre sida av gata. Når vi ringer han i dag
kan han merkeleg nok ikkje heilt hugsa kva dei dreiv med i hans tid,
men seier det vil vera hensiktsmessig å overvaka dei fraksjonane som
driv med valdshandlingar.

Her kjem vi til noko av kjerna i legitimeringa av overvaking av
kurdarar, og andre eksilmiljø, i Noreg og resten av Europa. Samstundes
som dei vestlege styresmaktene etter andre verdskrigen utpekte
verdsterrorismen som den store fienden stempla dei alle
frigjeringsrørslene som terroristar. IRA i Irland, ETA i Baskarland,
Mau-Mau i Kenya, Vietcong i Vietnam, PKK i Kurdistan osb. På ein enkel
måte klarte dei å få utpekt radikale frigjeringsgrupper som fienden.
PKK er no utpekt som ein av dei verste terroristorganisasjonane i
verda, og ein lyt difor overvaka grupper som på ein eller annan måte
kan vera knytt til PKK. Denne ideologiske offensiven er så sterk at
t.o.m delar av den sokalla venstresida ofte er prega av det. Trass i at
det berre er å åpna auga for å sjå at ei gruppe som PKK er i borgarkrig
mot ei okkupantmakt og aldri har gjennomført terrorhandlingar i t.d
Noreg.

Strengt tatt er det eigentleg ikkje lov å overvaka nokon på bakgrunn av
valdshandlingar i eit anna land enn Noreg, som t.d geriljakamp i
Kurdistan. Dette har ein løyst ved å laga teoriar om sovande cellar som
ligger og vaker før dei stormar over oss med all verdas
terrorhandlingar. Med denne teorien og terroriststemplet har dei laga
ein situasjon som gjer at det er meir imot overvakingsinnstruksen ikkje
å overvaka t.d kurdarane, enn det er å gjera det. Trass i alt POT måtte
seia om terrororganisasjonar har det i moderne norsk historie berre
blitt gjennomført ei terrorhandling i Noreg. Den vart gjennomført av
israelsk Mossad på Lillehammer i 1973. Driv POT overvaking av Mossad,
eller andre israelarar?

På 70-talet var palestinarane millom dei mest overvaka gruppene, og er
nok også idag millom dei viktigaste for overvakingstenesten. I tillegg
har vi no fått kurdarane som ei særs viktig gruppe, og om ein bytter ut
orda Palestina og palestinar med Kurdistan og kurdar og ser på det som
har kome fram om Hysj-tenestene si interesse for palestinarane kjem vi
nok ganske nær sanninga om overvaking av kurdarar i Noreg i dag.

=46or ein del år sida vart det avslørt at den svenske
etterretningstenesten hadde plassert ein infiltratør i den norske
Palestina-komiteen. Informasjonen dei fekk ut av det vart sendt til
Mossad og Israel som ved hjelp av informasjonen kunne utføra
presisjonsbombing av palestinske flyktningeleirar. Om svensk
infiltrasjon og overvaking av den norske Palestinakomiteen gjorde dette
mogleg, kva har då norsk overvaking av palestinarane ført til? Og kva
blir iformasjonen dei får gjennom overvaking av det kurdiske
eksilmiljøet i Noreg nytta til? Kven får ta del i informasjonen? Når
POT hadde samarbeid med israelsk Mossad på 70-talet, kvifor skal vi
ikkje tru at dei har samarbeid med tyrkisk MIT i dag?

=46or ei tid tilbake kunne Klassekampen avsløra at det under ei
NATO-øving i Noreg våren 1993 var innvandrar- og solidaritetsmiljøet
som var utpekt som fienden. I EU driv dei no og konstituerer og utvidar
overvakings- og politisamarbeidet med Schengen-avtalen. Med Schengen
skal ein byggja opp ein gedigen data-base (SIS) med informasjon frå
heile Schengen-området, og kvart land skal gje frå seg informasjon om
ein person utover det som er lagra i SIS om eit anna land ber om det.
Også ved å sjå på oppbygginga av Schengen ser vi klåre teikn som tyder
på at innvandrarmiljø blir utpekt som dei store fiendane. Berre av dei
700.000 som Tyskland har lagt inn i SIS er 600.000 innvandrarar.

Når Lund-kommisjonen la fram sin rapport om den politiske overvakinga
av norsk venstreside var ein raskt ute og reiste kravet om innsyn i
eigne mapper. Eit rettvist og riktig krav. No vil det bli rulla opp
avsløringar om overvaking av kurdarar og andre eksilmiljø i Noreg.
Overvaking som for kurdarane vil tyda at familiane kan bli pressa i
heimlandet om tyrkiske styresmakter får tak i informasjonen, og som vil
gjera det vanskelegare å reisa attende til Kurdistan for å kjempa for
kurdisk sjølvstende. Kva gjer den kvite norske venstresida når
avsløringar om overvaking av eksilmiljø i Noreg blir rulla opp? Går vi,
i solidaritet med kurdarane og andre, no lenger enn berre å kreva
innsyn i eigne mapper?

Espen Løkeland-Stai, Støttekomiteen Kurdernes Venner