Kjuus-rettssaken

Magnus Marsdal (Magnus@del.feskar.net)
Tue, 4 Feb 1997 19:22:21 +0000

ÆAvisa KK kan bruka dette innlegget (gjerne litt redigert) om dei
vil.Å

Rettssaken mot Kjuus.

Eg meiner rettssaken mot rasist-leiaren Jack Erik Kjuus er skadeleg
for antirasismen i Noreg. Ein ting er at paragraf 135 a kan vera på
kollisjonskurs med ytringsfridomen og såleis SVEKKA, ikkje styrka, det
borgarlege demokratiet, men det er eit lengre og meir prinsippielt
ordkifte om YTTRINGSFRIDOM, nett no er eg meir oppteken av
antirasisme.

Slik eg ser det finst det to store avleiingsmanøvrar (objektivt, ikkje
som konspirasjon) som hindrar ein meir omfemnande folkeleg
antirasisme.

Den eine er valdsromantisk "antifascistisk"
cowboy-verksemd utført av overmoralske, sinnelagsetiske ungdomar med
finlandshetter o.l. Dette fungerer demobiliserande på folket, og
bidrar til inntrykket av antirasisme/antinazisme som ein gjengkrig,
noko borgarpressa sjølvsagt gjer sitt til ved konsekvent å
overfokusera på "gjengkrigaspektet".

Den andre er Staten Ordnar Opp. Vi har ein dønn rasistisk, vestleg,
kvit, imperialistisk og norsk stat, som kvar dag heller bensin på
rasistane sitt bål gjennom mistenkeleggjeringa av alle asylsøkjarar.
(6 menneske var verdige til å få politisk asyl i heile 1996.) Likevel
har denne staten ein "lov mot rasisme". Rasisme er forbode i Noreg, på
same måte som i ein masse andre rasistiske statar som har skrive under
herskarane sine FN-resolusjonar og -konvensjonar.

Kva tenkjer folk flest dersom Kjuus vert dømd? "Bra, han vart dømd,
rasisme er ikkje lov i Noreg, heldigvis kan ingen koma her og driva
Hitler-politikk ustraffa." Ein siger for antirasismen?

Kva skal folk tenkja dersom han IKKJE blir dømd (noko som ikkje er
berre usannsynleg, sidan 135 a er så på kollisjonskurs med grunnlova
at han er nøydd til å vera ein tapar-paragraf som stort sett er
ubrukeleg)? "Åh, det var ikkje rasisme likevel. No er det rettsleg
prøvd."

Ja, han vil jo berre sterilisera alle svartingar og partiet
har jo berre ein dønn rasistisk namn... Sjølvsagt er dette rasisme,
det er nærast ein hån mot mørkhuda folk å driva rettsleg prøving av
spørsmålet.

Eg meiner korkje ein dom eller ei frikjenning vil tena den aktive,
folkelege antirasismen. Dei som kan vinna i dette spelet er: Staten,
som får eit slags antirasistisk alibi gjenom å "stoppa rasismen". Og
Hvit Valallianse, som får meir omtale enn om dei hadde brukt 4 årsverk
på informasjonssekretærar.

Men vil ikkje denne omtalen "få faenskapen opp i ljoset"? Jo, til ein
viss grad vil han sikkert det, og folk flest blir styrka i sitt
standpunkt mot nazi-rasistane. Men målgruppa til Kjuus er ikkje "folk
flest" politisk sett. Og dei som er så langt til høgre i FrP at dei
kan finna på å røysta Hvit Valgallianse trur eg IKKJE vil tenkja "å
nei og nei, dei er dømd for rasisme, dei kan eg ikkje røysta på".
Tvert i mot! "Fy faen, skal han ikkje få skriva kva han meiner heller
no, jævla dritt-sosialistiske landssvikar-stat som skal diktera alle
til å meina politisk korrekte ting" er vel ein meir sannsynleg
reaksjon mellom marginaliserte og høgrevridde folk.

Eg står altså att med svært få grunnar til at antirasistar skal støtta
staten sitt "åtak" på rasisten Kjuus. Derimot har eg ein masse
argument for at venstresida lyt vera konsekvente forsvararar av
yttringsfridomen, også for gærningar og rasistar. Erling Folkvord sin
opptreden i God Morgen Norge, mot redaktør Matre, bidrog heller ikkje
til at eg endra syn, tvert i mot; demokraten Folkvord gjorde det
heller dårleg i rolla som forsvarar av statleg FN-forplikta politisk
sensur.

Den einaste grunnen eg ser til at revolusjonære og antirasistar ikkje
bør gå offensivt ut MOT prosessen mot Kjuus er at det vil verka for
splittande mellom antirasistane. Men kanhenda ville det vore verdt
det, å få starta eit oppgjer med ein av Dei To Store
Avleiingsmanøvrane?

Magnus Engen Marsdal