Re:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 19 Nov 1997 20:40:59 +0000

Le 19 Nov 97 =E0 18:39, Olve Steinset a écrit:

> Dersom du ikkje kjenner til kva denne saka dreiar seg om Oddmund, ja
> då skjønar eg ikkje kvifor du i det heile teke kommenterte fråsegna
> til Årsmøte i Møre og Romsdal Nei til EU. Eg nemde saka frå Sverige
> fordi det syner at EU sitt regelverk på dette området ikkje held
> mål, det handlar ikkje om illegal import av kjøtt til Sverige - det
> trur eg du er klar over. Her dreiar det seg om retten til
> grensekontroll av matvarer, istaden for garantiar om kontroll frå
> landet ein kjøper frå - som eksempelet eg nemde frå Sverige ikkje
> fungerar.

Kven har sagt at eg ikkje har greie på "kva denne saka dreiar seg
om"? Og kvifor skulle eg ikkje kommentere fråsegna til Nei til EU i
Romsdalen? Eg har då same rettar som alle andre her, og står fritt
til å uttale meg om kva som helst... Problemet er at setningane flyg
forbi kvarandre, og det er problemet i mange av diskusjonane her, for
den saks også skuld i EU-debatten.

Retten til grensekontroll er ikkje nødvendigvis i strid med EU sine
vedtak på kort sikt. Men det ville vera meiningslaust å halda på
grensekontrollar av alle slag på lang sikt, så lenge målet er ein
Europeisk Union, med felles valuta, og harmonisering på alle område.
På den andre sida veit ingen sikkert i dag kva som blir resultatet
til slutt. Det finst politisk kamp, forskjellige syn, og progressive
rørsler i Europa også...

> Elles trur eg ikkje det har så mykje for seg å debattere dette på
> KK-forum, der eg reknar med at 99,99% av deltakarane er rimeleg
> klåre på spørsmålet. Les i staden fråsegna om dette emnet ein gong
> til Oddmung!

Er me her for å diskutere? Eller er me her for å halde kjeften,
og klappe kvarandre på skuldrene? Denne 99,99 prosenten din gir eg
pokker i, det er ikkje noko argument, i beste fall berre for knebla
debatten. Er det Stalinskrømtet som er ute og går att...? Denne
prosenten din er nesten den motsette av støtta til RV ved valet.
Skulle RV slutte å uttale seg, sjølv om det er eit miniparti? Eg ser
ikkje tydeleg kor du vil med svaret ditt. Eg ser ingen argument,
berre lause påstandar.

Eg stiller meg tvilande til mange oppleste "sanningar" om Europa i
den norske EU-debatten. Og eg stiller store spørsmålstegn ved visse
reaksjonære straumar og drag av framandhat i "motstandsrørsla".
Dette passar dårleg med sjølvbiletet til "venstresida", og det er
difor eg stiller desse spørsmåla. Vanskelegare er det ikkje.

Med helsing

Oddmund Garvik