SV:_SV:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 19 Nov 1997 18:39:16 +0100

Dersom du ikkje kjenner til kva denne saka dreiar seg om Oddmund, ja då skjønar eg ikkje kvifor du i det heile teke kommenterte fråsegna til Årsmøte i Møre og Romsdal Nei til EU.
Eg nemde saka frå Sverige fordi det syner at EU sitt regelverk på dette området ikkje held mål, det handlar ikkje om illegal import av kjøtt til Sverige - det trur eg du er klar over. Her dreiar det seg om retten til grensekontroll av matvarer, istaden for garantiar om kontroll frå landet ein kjøper frå - som eksempelet eg nemde frå Sverige ikkje fungerar.

Elles trur eg ikkje det har så mykje for seg å debattere dette på KK-forum, der eg reknar med at 99,99% av deltakarane er rimeleg klåre på spørsmålet. Les i staden fråsegna om dette emnet ein gong til Oddmung!

"Forsøka på å få reforhandla avtalen med EU om grensekontroll av mat,
stør vi fullt ut. Det er ei viktig sak å få ordna dette til beste for
landet slik at vi ikkje utset befolkninga for dei same risikoane som om
vi var eit EU-land. Fjerning av grensekontroll, kombinert med auka
handel, kan få uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi vil bli
utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er resistente mot
antibiotika.

Uavhengig av reforhandling av EØS-avtalen, er ei merking av utanlandsk
kjøt heilt fram til forbrukar etter vårt syn ein minstekrav no, slik
at dei som vil, i alle fall kan velje bort dette kjøtet."

MHH Olve Steinset