Re: Debatt form og innhald

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 24 Oct 1997 17:04:21 +0100

At 13:52 24.10.97 +0200, you wrote:
>Olve,
>Regner du Stalin som en hersker på linje med Bresjnev eller regner du ham
>som en marxist med store feil?
>
>Vh
>Anders Ekeland
>

Fint Anders! Du stiller meg denne gongen eit ope og ærleg spørsmål, som eg
skal gje deg eit like ærleg svar på.

I 1968, var eg 15 år gammal og så smått byrja vere politisk aktiv. Mi
interesse og min sympati gjekk i retning av SF og SUF - i brystlomma på
militærjakka mi hadde eg "Mao si litle raude", og tykte det var stas. I
posten fekk eg bulletinar og bladet "Kina i dag" frå den Kinesiske
ambassaden, det og var stas tykte eg. Mi interesse for politikk og
politiske spørsmål hadde eg for så vidt fått inn med "morsmelka". I åra før
eg byrja på skulen trudde eg fagforeininga var namnet på banankassa av
papp, som sto under sofaen på ståva vår, full av bøker. Dei drog den fram
kvar gong det skulle vere møte i fagforeningsstyret - då var stova vår full
av arbeidarar frå smelteverket.

Eg fortel deg dette for å setta spørsmålet ditt inn i ein samanheng. Ein av
dei eg lærde å kjenne, frå denne oppveksten, hadde vore med å stifta
fagforeininga i 1926. Fram til 1956, fortalde han meg, hadde han vore
medlem av NKP - han hadde ikkje vore så opptatt av "dei store
internasjonale spørsmåla" - han var fagforeiningsmann og vart med i NKP i
samband med truslane om å ekskludere fagforeiningsvener på grunn av
deltaking på Skienkonferansen i 1929. Denne mannen gav meg to bøker i 1968,
det var "Introduksjon til Kapitalens første bind", på dansk og ei bok om
Stalin (eg hugsar ikkje kva den heite men var utgjeven på NKP sitt forlag).
Nokre år seinare kjøpte eg sjølv boka "Stalin Spørsmål i Leninismen", og
var ein varm forsvarar av Stalin. Eg kjøpte alt som kom ut på Oktober
forlag relatert til kommunistisk og sosialistisk teori. Deltok på
studiesirklar og leste og leste, siterte og siterte -

Eg kan ikkje sei nøyaktig årstal, likevel for ein god del år sidan byrja eg
å skjøne at spørsmålet om Stalin si rolle likevel ikkje var så enkel, slik
eg tidlegare hadde overbevist meg sjølv om. Ein god del fakta hadde eg
nekta å taka inn over meg, fordi eg kjende så godt til alle løgnene om alle
dei flotte folka eg hadde kjent og kjende, som til dømes den gamle mannen
eg alt har fortalt deg om, og den urett som vart dei til del i "oppgjeret
sitt namn". Denne % delinga av godt og dårleg vart for meg etterkvart berre
tom demagogi - og eg slutta interessere meg for Stalin som ideolog.

For meg er Stalin i dag ein viktig historisk person, ein som har hatt svært
mykje å sei for utviklinga av den Sovjetiske staten. For min eigen del har
eg via mi interesse og merksemd til andre fagfelt og prioriterte oppgåve,
enn å studera og skaffe meg kunnskap om alle Stalin sine feil og overgrep.

Skal eg oppsummere i dag må eg nok vedkjenne meg at den gamle og urettvist
behandle mannen, med all sin historiske og faglege kunnskap, har hatt mange
mange gonger større påverknad på mitt politiske val i livet enn Stalin
nokon gong kunne ha hatt utan feil.

Etterkvart har eg forstått kva han meinte med å sei at det ikkje vert
politikk av å tevla om kven som er best i å sitera frå bøkene. "Det er
viktig med kunnskap, men det er når du praktiserer du lærer", sa han - og
eg er ikkje i tvil om at han hadde rett. I 1985 døde han, og eg mista ein
god ven og ei av mine beste historiske kjelde.

MHH Olve Steinset