Re: SOS rasisme

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Fri, 24 Oct 1997 11:55:07 GMT

No har det kome ein del innlegg som gjeld SOS rasisme. Eg har ingen
føresetnad for å kunna ta del i eit konkret ordskifte om kven som gjer
kva, og med kva føremål. Eg vel førebels å forhalda meg til det eg
veit, det som er offentleg, t.d. i Klassekampen i dag. Eg trekk den
konklusjonen at ei leiing som er teken i medviten økonomisk juksing,
ikkje kan halda fram. Dei andsvarlege må gå av. Nokon vidare
konklusjon om kven som skal overta for dei som ev. går av, har eg
ikkje føresetnad for å trekkja.

Når det gjeld fraksjonisme, kan eg godt diskutera det generelt. Eg
meiner at fraksjonisme ofte saboterer diskusjonar og open kamp, at det
ofte er ein dårleg ting, men eg meiner framleis at det kan vera
naudsynt å fraksjonera for å hindra sekterisme og splitting. Når det
er sagt, har eg ikkje dermed sagt noko om det som skjer no -- det har
eg heller aldri gjort. Eg har som sagt ingen føresetnad for å seia
noko om det.

-F-