SOS rasisme

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Thu, 23 Oct 1997 09:01:14 GMT

On Wed, 22 Oct 1997 12:28:53 +0200, Bjørn Megning Jensen wrote:
>AKP har bestemt seg for å kaste den sittende ledelsen i SOS Rasisme i Norge

Etter mi meining er det heilt klårt at dei som er andsvarlege for
juksinga og triksinga med reisebilettar og slikt, som har ført til at
SOS Rasisme må ut av SNV, ikkje _kan_ halda fram i leiinga i SOS. (Kva
slags signal ville det vera til styresmakter o.l. dersom denne leiinga
får halda fram?)

>Æ...Å vil bli fysisk kastet ut av møtet hvis de kommer dit.

Dette høyrtest ikkje bra ut ... Kven har konkret truga nokon med kva?

>Dette selv om vedtektene til AKP og Rød Ugdom sier noe annet.
>Rød Ungdoms vedtekter sier følgende om fraksjonering:
>d) Medlemmenes arbeid i andre organisasjoner skal organiseres sånn at
>der flere medlemmer jobber sammen, skal de samordne arbeidet sitt og
>opptre samlet, hvis organisasjonen finner det nødvendig.

Nettopp. Ein skal kunna fraksjonera i andre organisasjonar ...
Det neste punktet du refererer til, gjeld fraksjonering i RU, og eg
skjønar ikkje kvifor du refererer det. For å få fram at du ikkje likar
fraksjonisme, og at RU skjønar at det kan vera problematisk?
Dersom du meiner at fraksjonering er gale same kva, får du heller
argumentera for det. Eg meiner det kan vera naudsynt t.d. for å hindra
sekterisme og splitting.

-F-