Seniorreporter

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 17 Oct 1997 04:39:35 +0200 (MET DST)

Det finst nokre her på forumet som ser mørkt på eit framtidig Klassekampen
utan seniorreporter Helgheim i spaltane. Eg forstår angsten, men vi skal
ikkje overdrive heller. Eg finn ingen tungtvegande grunn til å trygle han
om å trekkje oppseiinga tilbake. La oss hugse han som han var, ikkje som
han er vorten; humørlaus - er han AKP-medlem - og med storslegga i nevane
i staden for kården som har vore våpenet hans i alle år.

Som fleire har påpeikt, mannen skreiv godt. Det er ikkje å overdrive å
seie at han hadde ein av dei finaste antikommunistiske pennane i heile
kongeriket. Og på det feltet tevla han ikkje åleine.

Jau, eg kjenner folk som opplevde mccarthyismen i 50-åra, som ikkje set
den gamle ørn like høgt som mange av oss andre.

Livsverket hans tvingar oss til ettertanke. Men til sentimentalitet innbyr
hans virke ikkje.

Finn Sindre Eliassen