Kva_er_revolusjonært_med_sportssider=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 17 Oct 1997 08:34:42 +0200

Måten redaktørskiftet vart gjort på, har med rette fått mykje
kritikk. Når det no er gjennomført, håpar eg det vil verke positivt
for avisa. Den raude logoen er eit godt symbol; om det ligg
realitetar bak han, må den nye redaktøren få tid på seg til å vise.
Eg håpar også at dei redaksjonsmedlemmene som vil slutte, tenker seg
om på nytt og gjev han ein sjanse først.

Eit av grepa hans verkar merkeleg: sportssider??? Dette har KK prøvd
før. Så vidt eg hugsar, var det ein dundrande fiasko, og det vart
oppsummert som feil bruk av ressursane. Er det grunn til å tru at det
vil gå annleis no?

Dei lesarane som ønskjer å følgje med i sporten, må likevel halde seg
med spesialblad som Dagbladet. Vi andre kan sjølvsagt bla forbi og
minnast kultursidene til Røssaak. Då hadde vi iallfall anna fyllstoff
i KK enn i andre aviser! *)

Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om sportssider? Er det i
samsvar med det revolusjonære formålet for avisa?

Lars Staurset

*) Dette er ein spøk. Ikkje kast bort tida med å skrive motinnlegg på
dette punktet, eg ønskjer ikkje Røssaak tilbake.