(no subject)

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 17 Oct 1997 09:44:06 +0100

Hei igjen Lars!!
Du stiller følgjande spørsmål: "Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om
sportssider?"
Her kan eg berre svare for meg sjølv. Uansett avis så er der to områder eg,
som oftast, berre blar forbi - det er sportssidene og annonsene.
Sportssidene fordi det som oftast er 98% omtale av fotball, og det er ikkje
mi store interesse - unnataket er VM, då let eg meg av og til riva med.
Sjølv er eg mest glad i individuell idrett og sport, knytt til
naturopplevingar - klatring er, forutan om jakt og fiske, min store
lidenskap. Om det er meir revolusjonært enn fotball tvilar eg sterkt på
:-)) - men, men..

Dernest spør du om: " Er det i samsvar med det revolusjonære formålet for
avisa?" Trur neppe eg vil hevde at det strider mot det revolusjonære
formålet, eller ka meinar du? Eg har sant og sei ikkje vurdert det. Kom
berre i hug noko frå "Den store lockouten" - då var eg leiar i Svelgen
Kjemiske Arbeiderforening - eit av tiltaka vi sette i gong var å opna ein
kafé på Svelgen samfunnshus vi kalla "Lockout kafé". No trur ikkje eg at
ein kan hevda at det er så revolusjonært å driva kafé, men sett inn i ein
samanheng fungerte dette samlande og gav kraft til å stå imot. Dessutan må
eg berre innrømme at eg har stor sans for ein del av dei tiltaka som
Vålerenga Idretts Forening (er ikkje det rett?) har byrja med - til dømes
antirasistisk arbeid. Så idretten kan vel ha ein misjon - eller ka trur du?
Her er det vel først og fremst spørsmål om ka ein vektlegg.

MHH Olve Steinset

At 08:34 17.10.97 +0200, you wrote:
>Måten redaktørskiftet vart gjort på, har med rette fått mykje
>kritikk. Når det no er gjennomført, håpar eg det vil verke positivt
>for avisa. Den raude logoen er eit godt symbol; om det ligg
>realitetar bak han, må den nye redaktøren få tid på seg til å vise.
>Eg håpar også at dei redaksjonsmedlemmene som vil slutte, tenker seg
>om på nytt og gjev han ein sjanse først.
>
>Eit av grepa hans verkar merkeleg: sportssider??? Dette har KK prøvd
>før. Så vidt eg hugsar, var det ein dundrande fiasko, og det vart
>oppsummert som feil bruk av ressursane. Er det grunn til å tru at det
>vil gå annleis no?
>
>Dei lesarane som ønskjer å følgje med i sporten, må likevel halde seg
>med spesialblad som Dagbladet. Vi andre kan sjølvsagt bla forbi og
>minnast kultursidene til Røssaak. Då hadde vi iallfall anna fyllstoff
>i KK enn i andre aviser! *)
>
>Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om sportssider? Er det i
>samsvar med det revolusjonære formålet for avisa?
>
>Lars Staurset
>
>*) Dette er ein spøk. Ikkje kast bort tida med å skrive motinnlegg på
>dette punktet, eg ønskjer ikkje Røssaak tilbake.
>
>