Re: Dobbelstemme

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Wed, 15 Oct 1997 10:56:17 GMT

Wed, 15 Oct 1997 00:56:14 +0200 (MET DST), Anders Ekeland :

>Dette handler for n'te gangen i denne striden ikke om hva som innafor norsk
>lov og organisasjonspraksis er lovlig eller mulig. Men om hva som er
>politisk klokt.

Ja, nettopp. Derfor var det klokt av Rynning Hanssen å fylgje
overtydinga si. Eller forlanger verkeleg Anders Ekeland at folk som er
usamde med han ikkje skal følgje overtydinga si?

La oss snu litt på flisa. Kva om det var Kjell Gjerseth som hadde
vorte tilsett med likt røystetal - og formannen hadde røysta på han?
Ville Anders Ekeland stø ei slik tilsetjing?

Er det slik at det er berre dei som røysta for Michelet som har
ansvaret for at styret var splitta? Kvifor rettar ikkje Ekeland
skytset mot mindretalet og fortel dei kor uklokt det er med
styrevedtak som ikkje er samrøystes?

Nei, Ekeland - skru av noko av støyen du sender ut i denne saka. Eg
skjønar det er bittert å hamne i mindretal - men slik er dei
demokratiske spelereglane.

mvh
Sigurd Eliassen