Tid for handling!

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 15 Oct 1997 12:25:21 +0100

Tid for handling!
"Kva kan eg bidra med for at Klassekampen skal bli ei god, lesverdig,
skarp, samfunnskritisk, revolusjonær, sosialistisk og folkeleg avis?".
Dette spørsmålet har eg stilt meg sjølv fleire gonger den siste tida, og
det har ikkje vore enkelt.

Eit av svara har vore å delta i debatten om avisa og redaktørspørsmålet,
legge fram mine meiningar og synspunkt på ærleg og sannferdig vis. Det har
eg faktisk gjort saman med dei fleste, som har delteke i denne debatten. Eg
brukar vendinga "dei fleste" bevist, fordi eg har opplevd, og opplever
framleis at det deltek folk i denne debatten som freistar å tillegga meg og
andre skjulte motiv for våre standpunkt. At eg nærmast skal vere "offer"
for ein større iscenesett konspirasjon av "dei siste dagars heilage" -
underforstått AKP. Slike og liknande utsegner let eg meg ikkje berre
provosera av, eg opplever dei svært krenkjande. Eg har berre eit spørsmål
til de som held på med denne "leiken": Kven er det som i denne debatten
forgiftar sitt sinn med konspiratoriske tankar? Ein gong las eg ein
inskripsjon, ripa inn med ein skarp gjenstand, på innsida av døra på eit
offentleg toalett: "Heng ekstremistane!". Eg tenkte i mitt stille sinn -
kven pokker skal då take rolla som bøddel?

Anders Ekland er ein eg på ymse områder er svært usamd med. Han brukar
vendingar eg stundom går noko trøtt av, som til dømes all denne tverringa
om oppgjeret med Stalin. Likevel Anders, så er du ein av dei som i alle
høve gjev ei politisk grunngjeving for dine standpunkt. Ditt innspel om å
fortsett kjempe for ei avis du trur på er ikkje berre ei gledeleg melding,
men svært reinhårig av deg. Eg har stor respekt for dette standpunktet
ditt, og skulle ynskje det var langt fleire som tok eit liknande standpunkt.

"Å ville" tyder å handle, utan handling blir min vilje innhaldslaus. Difor
har eg og stilt meg sjølv ovanfor problemstillinga om eg VIL bidra til at
Klassekampen skal kunne verta ei slik avis som eg ynskjer meg. Dette
spørsmålet har eg valt å svare ja på, difor har eg no gjeve bort 4
abonnement på avisa og verva eit laurdagsabonnement, samstundes som eg
sender kr. 10.000,- og lovar nye kr. 10.000,- ein gong føre jul. Samstundes
har eg sett meg ei målsetning på å skaffe avisa 10 nye abonnentar før
årsskifte.

Eg oppfordrar no alle, som VIL ha avisa Klassekampen, til å sette seg sjølv
realistiske målsetjingar for sin innsats.

Kameratsleg helsing
Olve Steinset