Sorry

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-07-02


Kommentaren om at Kibja-massakren er "velkjent" vart litt vel kjepphøg -
problemet er vel heller at mykje av dette er ukjent. Ein blir litt
"innanfor" når ein brukar så mykje tid på eit tema, og difor reknar nokså
ukjente ting for å vera etablerte fakta.

Og så er det litt frustrerande at så få opplyste folk tek seg tid til å lesa
dei litt over hundre sidene til Israel Shahak:

http://abbc.com/islam/svenska/fildok/shahak.htm

Ein slepp utruleg mykje synsing og samvitskvalar om ein tek seg tid til å
lesa den boka.

Shahak forklarar på ein enkel og liketil måte korleis 2000 år med historie
har skapt viktige, men nokså særeigne drag i måten jødar forheld seg til
omverda. Dette avdi "klassisk" jødisk ortodoksi hadde ein etnosentrisk
logikk. Eit eksempel:

Ekteskapsbrot var ei klassisk jødedom eit av dei tre verste brotsverka. Om
ein jødisk kvinne låg med ein annan mann - jøde eller ikkje-jøde - innebar
det dødsstraff for båe. Om ein jødisk mann låg med ei ikkje-jødisk kvinne,
var det derimot ikkje ekteskapsbrot, avdi "nesten" i klassisk jødedom er
"jøden", og ikkje "den framande".

Mannen skulle i eit slikt tilfelle straffast med pryling, medan kvinna
skulle drepast, avdi ho hadde lokka ein jøde ut i vanskar. Dette galdt også
om kvinna var valdteken.

(Shahak s 85).

Boka til Shahak er fullstendig kosher - Gore Vidal, Edward Said og Noam
Chomsky har skrive kvart sitt forord til henne. Om denne gjengen er ei
samling skumle og løynde "antisemittar", så torer eg knapt tru på noko
lenger.

Men i alle fall: At det for jødane, som ein utsett minoritet i Europa,
historisk har vore viktig å halda slikt som dette løynd - og at mykje av det
som er skrive om jødedom difor er fordreid - er jo ikkje serleg rart. Ein
kan jo tenkja seg til kva Goebbels og andre fekk ut av dette. Men i dag, når
den historiske antisemittismen i Europa på eine sida er svekka - og denne
etnosentriske etikken på hi sida er kopla til røynleg makt i Midt-Austen -
trur eg vi må opna opp ordskiftet.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST