Re:_Mer_på_krigsforbryteren_Sharon

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-07-02


Kibja er forsåvidt velkjent, og det første store brotsverket på rullebladet
til Sharon. Eg trur derimot ein skal ta det litt med ein klype salt når
Edvardson skriv:

"Da det ble avslørt at 45 av byens hus var blitt sprengt i luften, og minst
69 av innbyggerne, halvparten av dem kvinner og barn, var drept,
syntes imidlertid den israelske almenhet og den politiske ledelse at Enhet
101 hadde gått altfor langt."

For dette er jo berre til ein viss grad sant. Ingen i den politiske leiinga
syntest han hadde gått så langt at ein måtte forhindra at han gjorde noko
liknande igjen. "Oppryddinga" hans mot "terroren" i Gaza tidleg på
syttitalet var såleis mykje godt av same slag som i Kibja. Og sjølv om "den
israelske almenhet og den politiske ledelse" syntest at han gjekk for langt
når det galdt nedslaktinga i Sabra og Shatilla, tyder ikkje dette at desse
massakrane har vore noko stor hindring for den vidare karrieren hans.

Til ein viss grad dreier dei israelske reaksjonane mot slike krigsbrotsverk
seg om "ein del av fasaden" - sjølv om ein må gå inn bak fasaden og freista
forstå kvifor Israel er ute av stand til å setja eigne krigsforbrytarar på
plass(mange av dei som protesterer, meiner det ærleg og oppriktig. Men dei
er nokså maktlause i lengda). Ben Gurion "tok avstand" frå massakrane i Deir
Yassin - men innlemma desse Stern- og Irgunbandane i den regulære hæren få
veker etterpå, og dei ansvarlege kommandantane, Menachem Begin og Yitzak
Shamir, fekk ei plettfri karriere heilt fram til statsministerposten.

Eg trur difor det er viktig å ikkje "privatisera" dette, og tru at dette
berre har med "krigsforbrytaren Sharon" å gjera. Dette er eit grunnleggjande
drag ved Israel som jødisk stat: Staten er ute av stand til å stilla jødar
til ansvar for brotsverk - inkludert massedrap - som er gjort mot
ikkje-jødar.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST