Bak selvmordsbomberne

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-06-02


Suzanne Goldenberg sin artikkel var eit godt stykke arbeid. Eg synest den
fortel meir enn tydeleg nok at 35 år med militær okkupasjon går mot slutten.
Det som ein gong var den mest frykta hæren i Midt-Austen, er no rimeleg
sjanselaus når det gjeld å handtera Izzadin
al-Qassem-brigadane. Var det om lag 5000 som vart arrestert og teke med til
forhøyr og tortur under siste israelske offensiv? Dette er tydelegvis ikkje
nok til å nedmontera apparatet til Izzadin al-Qassem-folka, som venteleg har
mykje å gå på, og ulike slag reserveløysingar.

Med andre ord: Det er ingen militære løysingar i sikte. Eg trur heller ikkje
desse gjerdene Israel planlegg å byggja er noko effektiv militær løysing.
Busetjingane på Vestbreidda er alt for spreidde til at det finst ei løysing
med gjerder som utgjer noko effektiv sperre.

Osloprosessen har soleis vore effektiv når det gjeld å gjera slutt på
okkupasjonsregimet som var relativt stabilt fram til tidleg på nittitalet.
Derimot har ein kome akkurat like langt når det gjeld politiske løysingar -
og her er alt like ope, frå ein binasjonal stat i heile Palestina til total
fordriving. Eller med andre ord: Frå løysingar som går ut frå at alle
menneske har grunnleggjande menneskerettar, til dei som går ut på at nokre
menneske manglar slike rettar.

Og før ein får opp diskusjonen om politiske løysingar - i staden for det
idiotiske snakket om å få partane til tingingsbordet - vil Izzadin
al-Qassem-brigadane syta for at du ikkje får stabilisert ein ny "mellombels"
okkupasjon i 35 år til.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST