under pari

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-06-02


"Skrell gjerne bort polemikken", seier Fossen i det siste innlegget sitt.
OK: Skal vi vera samde om å "skrella bort" den slags personkarakteristikkar
som Fossen la opp til, og som eg følgde opp?

For saka er interessant nok i seg sjølv, det er ingen grunn til å "krydra"
ordskiftet med avføringsklattar. FOr kva tid kan det vera grunn til å sjå
etter klimatiske årsaker til denne typen hendingar?

USA har eit nokså stort apparat for å sløkkja skogsbrannar. Problema oppstår
vel helst når ekstrem tørke og uheldig vind gjer det vanskeleg å sløkkja.
Artikkelen Johansen la ut seier ingenting om det har vore ekstrem tørke i
Colorado. Har det det?

Flaum i Kina er også eit svært interessant tema, avdi ein her snakkar om
fleire menneskeskapte årsaker. Klima er den eine. Men om du får valdsame
regnskyll, er landskapet si evne til å ta opp eller bremsa store mengder
vatn viktig. I lange tider, men serleg i mao-tida, vart store område
terassert. Terassejordbruk har denne evna til å binda og forseinka vatn.
Sidan tidleg på åttitalet har det vore meldt om manglande vedlikehald av
desse terassesystema som følgje av jordbruksreformane frå 1978. Eg har aldri
sett ei samla framstilling av dette. Korleis er stoda, og er det samanheng
mellom manglande vedlikehald og flaum?

Fossen er ute etter "prov" for at du har menneskeskapte klimaendringar med
negative konsekvensar. Så langt eg har forstått dette, snakkar du om svært
kompliserte årsakskjeder, der det er vanskeleg å spå konsekvensar av global
temperaturheving. I tillegg vil det ta tid før ein eintydig kan slå fast at
ein har global temperaturheving, avdi global middeltemperatur er påverka av
fleire ting enn drivuseffekt.

Med andre ord vil det vel vera alt for seint å gjera noko den dagen vi kan
leggja fram prov av det slaget Fossen vil ha?

Men for folk med mindre blåøygde ambisjonar er det vel interessant når
middeltemperaturen er så høg i den perioden av El Nino-syklusen vi er inni
no?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST