abra kadabra?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-06-02


Eit av dei underliggjande premissa til Erling Fossen er at nokre trendar er
mogleg å framskriva. IT-næringane er globaliserte, og kjem til å halda fram
med å veksa inn i himmelen. Lønsemda i desse næringane er høg, og kjem til å
vera det. Held desse forutsetningane?

På meg verkar mykje av dette for å vera abra-kadabra i den
byråkratisk/politiske karrierekaderen. Nasdaq har kroniske problem - skulle
eg investera i aksjar no, trur eg eg ville satsa på våpenindustri. Den høge
lønsemda i IT-næringa er vel i stor grad knytt til flaskehalsproblematikk?
Alle som har sett den byråkratisk/politiske kaderen si evne til å omstilla
organisasjonane sine til å ta i bruk ny teknologi veit vel ein del om
årsakene til desse flaskehalsane. Men slike flaskehalsar varar vel ikkje
evig - om ein ikkje legg opp til medvite vanstyre for å hindra
kompetanseoppbyggjing i byråkrati og administrasjon. Men det er kanskje det
ein vil gjera? Men om ein ikkje gjer det - korleis vil lønsemda vera på
sikt? Varig lønsemd utan marknadsmakt får ein jo ikkje.

Det einaste vi veit, er vel at vi om hundre år framleis vil ha jordbruk og
fiske i verda - om vi skal ha noko å eta. Og at dei glimrande
framtidsutsiktene for våpenindustrien kan henda ikkje er framtidsvoner vi
utan vidar bør jubla over?

Hans Olav Brendberg, Hitra.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST