Om_å_ta_eit_tak!

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 09 Oct 1997 12:30:18 +0100

Avisa er ikkje komen endå, den kjem med posten ca. kl 9.30. Det er noko
underleg å på ny kjenne denne hugen, lengselen og spenninga etter avisa -
ja, for på ny har Klassekampen fått attende namnet "avisa" her i huset.
Hadde eg spurt etter "avisa" for ei veke sidan hadde resten av huslyden
sett rart på meg og spurt "Kva for ei avis?". Klassekampen var ikkje noko
meir avis enn dei 4 andre avisene, som kjem til denne adresse. Gjev eg no
Bergens Tidende til son min når han spør etter avisa - då ser han litt
oppgitt på meg å seier: "Slutt å tull".

Det gjev grunn til ettertanke denne realiteten. For sjølv om vi betalar
vårt abonnement i tide, har vi ingen garanti for at "avisa" vil komme kvar
dag, at innhaldet vil vere av slik interesse at den opprettheld ein slik
ærefull tittel. Nei det handlar om noko meir, det handlar om at vi tek eit
større ansvar enn å betale i tide. Det handlar om å drøfte verdien av å ha
ei slik avis - slik den no er på veg til å bli att - kva det må kosta av
eigeninnsats, engasjement, økonomisk støtte og gratis dugnadsarbeid - også
for oss her ute i skogen på nord Vestlandet.

Det er denne realiteten vi - ein liten huslyd her på nord Vestlandet,
busett i eit lite hus omgitt av skog med hjort, mår og orre som nærmaste
naboar - etterkvart er blitt så overtydde om.

Då er det ikkje nok at me seier til kvarandre - alle vi som er oppriktig
glad i denne avisa - at noko må gjerast! Då er det ikkje nok berre å vere
glødande opptatt og engasjert av debattar i papir utgåva eller på "nettet"
i KK-forum. Då er det ikkje nok å komme med tusen gode forslag til tiltak
om "kva NOKON kan gjera". Først når EG og DU - ja, alle vi som meinar at
noko må gjerast - gjer noko med eit eller fleire av desse forslaga gjev det
synlege og konkrete resultat. Lat oss brette opp skjorteermane folkens og
ta eit felles lyft att for Klassekampen, ta imot stafett pinnen frå "Vi er
noen venner av Klassekampen i Vestfold" - gje eit abonnement til nokon du
kjenner. Kva med ei målsetning for ei slik kampanje. Kva med, i første
omgang, å sette den til det dobbelte av alle underskriftene på oppropet for
Michelet, eller er det for bleikt? Vi, her i skogen på nord Vestlandet,
veit at ikkje alle har økonomi til å kunne delta på ein dugnad av denne
typen, men alle har økonomi til å kunne argumentere og agitere for at
kjenningar teiknar eit abonnement. Diskusjonane, debatten og stundom
krangelen kan vi alltid finna tid til - men, kva pokker skal vi debattere
og stundom krangla i/om dersom AVISA daudar i mellomtida? Då er det ikkje
berre debatten og stundom krangelen som stilnar - då vert vi tvungne til
berre å kunne mimre over den gongen vi hadde ei avis vi berre kalla "avisa"
og alle viste vi kva vi meinte - Klassekampen, ei kjelde til inspirasjon,
lærdom, sanning, avsløringar, kulturomtale og debatt. Eg - ja, alle vi her
i skogen på nord Vestlandet - har ikkje råd til å gå så fattige tider i møte!

Ja, så medan eg har skrive dette er avisa komen. Eg har teke meg ein pause
og lese den. Harmen har stege i meg på eit måte ingen andre aviser i dette
landet kan få den til å gjera. Nokon gjer sitt beste for å stela den frå
meg - gje den eit innhald som fanden ikkje er verdt noko. Dei skal aldri
klara det Odd Børretzen! Ikkje om dei grin aldri så mykje, ikkje om dei
drøymer aldri så mykje om sherriff-kontor, menn til hest og andre svunne
tider, ikkje om dei er aldri så redde for - likar dei ikkje blues, er det
takta som skremmer dei, minner det for mykje om arbeid, om kroppsleg arbeid
om slit? Nei, eg trur ikkje dei likar blues lenger, den nære varme
musikken, tonane, melodien ein saman kan nynna på - NEI! Han - skribenten
deira Odd - skal aldri klara det - han skriv godt, rørande og varmt, var eg
ikkje vaken kunne eg lett latt meg lure i melankolien, teke stilling for
dei som ikkje bryr seg om blusen, men trua om rettferd er sterkare enn som
så - den held meg vaken og vaktande over blusen si kjelde. Nei, han skal
aldri klara å lura meg denne opportunisten, med falsk blues penn - Roald
Helgheim! Han er ingen ting å vera redd for!!

MHH Olve Steinset