Spørsmål til institutt for ideologisk

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 9 Oct 1997 08:51:16 +0100

Anders Ekeleland - hallo, hallo!

I eit innlegg har på KK-forum skriv du:

Den statistiske korrelasjonen mellom a)mangelende oppgjør med stalinismen,
maoismen og b) symptati for styret er veldig høy. Trond Andresen er unntaket
som bekrefter regelen.

Dette er ein svært interessant konklusjon. Sidan eg ikkje har ideologisk
statistikk
som spesialitet lurer eg berre på grunnlaget for han. Korleis har du
definert sympati for
styret? Er det på grunnlag av oppteljing på KK-forum eller av innlegg
innlegg i KK eller
av underskrifter på Michelet lista. Endå meir interessant er det korleis du
har skaffa
deg oversyn over det påståtte manglande oppgjeret med stalinismen og
maoismen. Har du diskutert
med alle - og kva legg du i oppgjer - og kva oppgjer tilfredsstiller din
historiske fasit?
Har du kontakt med tankepolitiet, sit du med krystallkule - eller driv du
beint fram med gamle
ideologiske skjema som byggjer på at styrefleirtalet = AKP stalinistar/maoistar og at støtte
til dette fleirtalet difor ogso må vera ein indikasjon på slike politiske
haldningar?

Har det falle deg inn at nokon av oss som har stor sympati for diskusjonar
og overtyding som
metode (jfr eit av dei tidlegare innlegga mine) har oppsummert at den breide
opposisjonen imot KK
har vorte usynleggjort, låtteleggjort og drive i passivitet - og at
massemobilisering difor
berre kan vera ein metode i tillegg til å bruka eigarmakt?

Eg ser fram til å sjå Ekeland gjera nøye greide for sine statistiske
utlegningar. Og no skal eg tala rett
frå levra: Med slike haldningar til politisk kamp og til argumentasjon og
utdefinering av meinings-
motstandarar bør Ekeland vera svært varsam med å vera den som flaggar
demokratifana høgt.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41