Om_kvinnor_med_tiggarskål

Håkon_Kolmannskog (haakon@mail.feskar.net)
Tue, 7 Oct 1997 16:43:20 +0000

DETTE ER EIT INNLEGG FRÅ LINE BRENDBERG:

(Til KK: Dette er IKKJE frå Håkon Kolmannskog!!!)

Om kvinnor med tiggarskål

Tilskuven min for å skriva dette hjartesukket, var randartikkelen til
Ingrid Brekke laurdag 27/9, men det har samla seg opp lenge og retter
seg til mange, mange fleire. Dette er eit sukk over alle feministar
som oppriktig meiner at kvinnfolk skal bli meir synlege i samfunnet
ved at menn skal trekkja seg ut av alt engasjement, og ikkje ved at
dei sjølve tek eit steg fram. Slikt er berre å skriva frå seg ansvar,
og tyder på at vi framleis har ei naiv tru på at vi skal få framtida
vår som mild gåve frå menn.

Konkret syner dette seg mellom anna i Ingrid Brekke sitt skriv, der ho
klagar over at middelaldrande menn styrer ordskiftet om Klassekampen.
KK-forum er dermed eit vonlaust prostata-føretak, og det er fælt. No
må nokon ordna opp!

Eg har skrive på KK-forum, og ettersom eg er ung, kvinne, radikal og
alt det der, kan ein sjå det mellom anna som ein freistnad på å bryta
opp noko av den massive manneskjegg-betongen der inne. Har Ingrid
Brekke skrive på KK-forum?

Sameleis skreiv Jorun Økland sist vinter eit hulk i avisa om at berre
menn tala på debattmøtet om Klassekampen som vart halde då, trass i at
det var fleire kvinnor i salen. Kva gjorde desse kvinnone? Er det so
at ordstyraren oversåg dei, eller satt dei kanskje ganske typisk med
hendene i fanget utan å teikna seg til innlegg? Skal alle andre halda
kjeft fordi dei aldri kom so langt?

Eg er redd for at "Venstresida" har lulla kvinnor inn i
kvinnefrigjeringsretorikk som vi har slege oss til tols med. Alt ser
so fint ut heilt til verkeleg maktkamp oppstår også her, for då er det
berre posisjonar som folk har kjempa seg til gjennom motvind, som tel.

Når skal vi slutta å seia oss nøgde med kjønnskvotering,
kvinnekonferansar og bøllekurs? Sjølvskrytet over kva vi har vunne
endar oftast med at vi nøyer oss med kjøtbein som er slepte ned til
oss av dei som sit med mykje frakare måltid. Det vil alltid vera slik
at alt dette som vi får so snart vi spør, posisjonar som er vunne utan
strid, ikkje har noko med reele maktposisjonar å gjera.

Naivitet er ikkje etterspurd vare når det snører seg til i verda
utanom det progressive reservatet. Kven vil vi skal vera fortropp for
oss når det opnar seg eit rom for maktkamp der vi augnar sjanse til å
vinna terreng: Dei som har stått i kuling før og rullar opp tanks
under mykje ståk og leven, eller dei som står på vegkanten utkledde
som ulukkelege med skilt rundt halsen: "Eg er ung, kvinne, radikal,
feminist og kulturinteressert - kan de ikkje gje meg plass i
fyrstelinaBB Vurder sjølve.

Akkurat som dei fleste menn ikkje er spesielt flinke, so sterke
kvinnor kan køyra forbi dei om dei tør, slik er heller ikkje
fleirtalet av kvinnfolk den sorten som held ut rolla som bulldozer mot
manneverda og byggjer seg ein heim i fiendeland. Om du høyrer at du
har toget i hælane, må du anten springa fælande fort eller trø til
sides.

Men ver so snille alle de som står bitre på sida: Ikkje grav grunnen
vekk under dei som "mannar seg opp" til å freista utfordra uvesenet.
Ikkje sprei motløyse og klage gjennom å teikna falske bilete av kva
kjønnskap eigentleg er!

Line Brendberg