RE: Avis for folket, etc

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 06 Oct 1997 17:45:42 +0100

Lars Staurset er sikkert ein klok mann, men så klok at han kan sei noko om
mine haldningar, utan ein gong å kjenne meg, trur eg no ikkje han er. For å
skjøna kvifor det er skadeleg for Klassekampen at eg ikkje driv ei
konkurrerande avis, må ein og sikkert vere ein tenkjar av Lars Staurset
sitt kaliber for å fatta. Nei, eg driv ikkje avis, og har ingen planar om å
gjera det - det er heller ikkje det denne debatten handlar om! Det den
handlar om er å berge avisa Klassekampen.

Derfor Lars, er det sikkert fleire enn eg som er interessert i å høyra kva
du meinar om innlegget til Gunnar J. Furuhaun i avisa laurdag 4 oktober,
enn kva slags haldningar eg har som ikkje har starta avis endå. Eller vert
dette for vanskeleg og kompromitterande for deg å taka stilling til?

MHH Olve Steinset