RE: Avis for folket, etc

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 6 Oct 1997 16:18:05 +0200

Jon Hareide Aarbakke set fingeren på eit vesentleg spørsmål i
KK-debatten:
>Poenget er vel enkelt: finst det nok abonnentar til Olves avis?
>Gunnar trur ikkje det, og det skulle ikkje undre meg om han har rett.

Eg vil legge til: Finst det nok abonnentar til Bjerke si avis? Tida
har vel vist at det gjer det ikkje.

Somme forum-skribentar tek altfor lett på dette. Henrik Ormesen
skriv i eit av innlegga sine:
>Dersom AKP taper, så kan en starte å bygge opp ei ny avis.
>For en revolusjonær bevegelse er avhengig av en revolusjonær avis. - Det vil
>den ikke få med et kompromi i denne saken.

Olve Steinset seier det slik:
>Nå ja, no driv ikkje eg nokon avis, og har derfor ikkje så store problemar
>knytt til abonnentar...

Dersom slike haldningar får rå, er KK verkeleg i stor fare. Det er
lett å lage opprop for og mot ein redaktørkandidat. Det er lett å
skrive innlegg som viser at ein er prinsippfast, enten det no er for
dei "reine og raude" eller for redaktørplakat-linja.

Å drive avisa vidare krev ein meir konstruktiv tankegang, og det er
ikkje så enkelt. Ein må finne ei løysing som kan samle breitt og
vidt. Redaksjonen bør ta til seg den kritikken som har kome, og det
har fleire redaksjonsmedlemmer gjort alt. AKP bør avstå frå å bruke
makta si, og innsjå at dei ikkje greier å drive dette avisprosjektet
åleine. Utan nok abonnentar blir det inga avis, verken for den eine
eller den andre.

Ordet "kompromiss" får somme forum-skribentar til å sjå raudt, og for
min del kan vi gjerne kalle det noko anna. Poenget er at her må begge
partar rekne med å gje og ta. Kva ei løysing konkret skal gå ut på, har
eg ikkje nok kunnskap til å vurdere. Dersom ei ny utlysing kan føre
fram, bør det ikkje vere uprøvd.

Lars Staurset