RE: opprop 2 ganger!

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 30 Sep 1997 16:54:24 +0100

>1) Kvifor er oppropet til støtte for ein bestemt person? Dei
>færraste av oss veit no kven som er søkarar, og langt mindre kva
>dei står for. Er personvalet viktigare enn den politiske linja?

Nei, men valet av den politiske lina vil i dette konkrete høvet ytra seg
nett som eit val av person (dvs redaktør). Dermed vert stønad til ein
person sitt kandidatur eit uttrykk for politiske skilleliner. Merk og kva
som står i redaksjonsoppropet: "Vi går imot AKP sittt forsøk på å sette inn
sin redaktørkandidat" (!). Det tyder i klårtekst at om nokon i AKP legg
fram forslag om ein kandidat er han/ho automatisk ekskludert, og det berre
av di han/ho er foreslått av AKP.

>2) Kva er forskjellen på dette oppropet og ei skyttargrav? Er det
>ikkje nok krig om KK no?

Jau, men slutt på det vert det ikkje av at vi syns det har vore "nok krig".
Når det er "krig", kan utfallet berre vera at den eine eller andre sida
vinn. Anten får vi ein ny redaktør som ønskjer å gjera endringer i avisa i
retning føremålsparagrafen og aktivistvinkling, eller så får vi ein
redaktør med Allern/Bjerke/Nærstad sitt program i hovudsetet. Dei to linene
kan ikkje sameinast - dei representerer etter mitt syn to grunnleggande
forskjellige analyser og målsetnader. Dette har Pål Steigan uttrykt mykje
betre enn meg i eit tidlegare innlegg. ("Allerns linje for Klassekampen")

>Same kva resultatet blir, vil KK-striden sette spor etter seg i
>fleire tiår framover. Det tok lang tid etter dei harde syttiåra
>før folk på ytre venstre greidde å samarbeide att, og somme har
>aldri kome over det som hende då. Dei debattantane som er mest
>opptekne av skitkasting, tek på seg eit stort ansvar. Dette gjeld
>begge sider.

Fullt så fælt trur eg ikkje at det vert, men noko av eit vatnskille vert
denne strida, og utfallet kjem vi til å merka godt, sidan det er no vi
avgjer kva for avis "venstresida" kjem til å ha i dei neste åra. Jau, det
er eit stort ansvar å ta når ein tek stilling, men såpass ansvar får vi som
oppegåande sosialistar/radikale/revolusjonære tørra å ta. Om ikkje -
korleis skal vi ha nokon von om å klara å halda liv i ei revolusjonær
dagsavis?

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------
r