RE: opprop 2 ganger!

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 30 Sep 1997 13:45:23 +0200

1) Kvifor er oppropet til støtte for ein bestemt person? Dei
færraste av oss veit no kven som er søkarar, og langt mindre kva
dei står for. Er personvalet viktigare enn den politiske linja?

2) Kva er forskjellen på dette oppropet og ei skyttargrav? Er det
ikkje nok krig om KK no?

Same kva resultatet blir, vil KK-striden sette spor etter seg i
fleire tiår framover. Det tok lang tid etter dei harde syttiåra
før folk på ytre venstre greidde å samarbeide att, og somme har
aldri kome over det som hende då. Dei debattantane som er mest
opptekne av skitkasting, tek på seg eit stort ansvar. Dette gjeld
begge sider.

Lars Staurset