Ei noko annsleis historie

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 29 Sep 1997 14:08:07 +0100

Opp i alt anna kan det vere godt med eit avbrekk - derfor: "Ei noko annleis
historie." Tileigna Aksel Sira Myhre, som takk for innsatsen under valkampen.

"At det går an!" han ristar oppgitt på hovudet. Eg er på besøk hjå far min,
vi skal ha valvake saman - det er liksom blitt ein tradisjon dette. Mor mi
har baka eplekake, vispa krem og steikt vaflar. "No må de ete kake og kose
dykk." Eg kan merke den noko spente og lett usikre undertonen i stemmen
hennar. Vil denne valvaka ende slik, som så mange andre valvake før, at far
og son heilt gløymer å følgje med på TV'en og endar i verbal ord krig med
kvarandre? og vil det gå minst 14 dagar før våpenkvilen er eit faktum att?

"Nei!, dette er det gapnaste eg nokon sinne har vert vitne til. Jagland
klarar ikkje ein gong å framstå som ei truverdig komikar i parodiering av
ein amerikansk president!" Far min sleng seg attende i sofaen og pustar
tungt. Eg for min del kan ikkje late vere å trekke litt på smilebandet, kva
er det som er i ferd med å skje med denne gamle DNA kjempa? "Nå, gav du
ikkje stemma di til Kjell Opset i år då? - freista eg meg. "Nei! Det kan du
vere brennsikker på at eg ikkje gjorde!" - det er mest noko triumferande i
måten han svarar på - "Du kan spørje mor di kva ho stemde - ho seier rett
nok at ho ikkje likar Jagland og den reaksjonære politikken Arbeidarpartiet
fører, likevel stemde ho på garantistane deira". "Ja, eg stemde SV fordi eg
tykte det var rett. Eg har ikkje berre stemt på Arbeidarpartiet i alle år
slik du har, eg har stemt på RV og eg. Du kan heller svare for deg sjølv og
sei kva du stemde". Nå nei, ho let seg ikkje kue denne tøtta.

"Ja, kva stemde du då?" - freistar eg. "Eg stemde på ne Anne" - svara han.
"På ne Anne? Kva slags parti er det som har ein toppkandidat her i fylke
som heiter Anne?" - spør eg. "Spel ikkje tylen, du veit godt kva eg meinar
- eg stemde på Senterpartiet. Ditta partiet du svermar slik føre er no mest
gått i grava her i fylkje - elles hadde eg nok vurdert å gje RV mi stemme.
Det var no berre to parti som hadde ryggrad nok til å stå for noko i denne
valkampen og det var ho Anne og han dare Myhre frå RV. Og eg skal villeg
innrømme at eg har mest sans for han dare Myhre frå RV."

Dækelen, den satt! Eg bøyer meg framover og tek meg ei vaffel. "Nå
, treng
du noko å svelje det med?" - han triumferer no gamlingen. Vel vitande om at
han fekk inn ein innartiar. "Det er ikkje fritt", svarar eg. I von om å
vinna att eit poeng eller to tek eg ordet att. "Så, du forlet den synkande
DNA skuta no då?" "Synkande? Er du heilt slutta å følje med gut? Nei, den
søkk vist ikkje slik eg skulle ynskje den gjorde - med Jagland, Stoltenberg
og heile det reaksjonære rasket. Rettferd, i den tyding eg har lært, er
framandord for desse Hagens supporterar." Eg fell litt i stavar i beundring
for min gamle far. Det er tydeleg at her er det noko eg ikkje heilt har
klart å få med meg - far min sitt oppgjer med DNA. Dette må eg freiste å få
meir reie på. På nytt formulerer eg eit spørsmål som eg reknar med vil
halde oppe den nye gløden i augo hans. "Hagens supporterar, kva legg du i
det?" Nokon stor pedagog har han aldri vore, til det har debattstilen og
mangeårig medlemskap i DNA prega han for mykje. Så når svaret kjem er eg
glad eg har mangeårig trening i å fendre dette. "Begriper du ingjen ting!
Nei, du har no alltid vert meir oppteken av å kverulere enn å forstå, så eg
skal forklare det med bilete for deg." Han hoverer no, det er mest som han
ligg på stangskyting med mitraljøse og plukkar ned den eine fulltreffaren
etter den andre. "Har du nokon sinne studert kva engelske supporter klubbar
driv med? Dei er ikkje så opptekne av det idrettslege innhaldet, men av å
skape blest om sitt eige lag. Korleis dei gjer det spelar mindre rolle.
Slik er det for Jagland òg, han utpeikar Hagen som hovudmotstandar under
valet, så drit han i det faktiske innhaldet i Hagen sin politikk - det blir
vel for kompromitterande for han sjølv reknar eg med - i staden skal han
lære Hagen og tilhengjarane hans å rekna. Eg trur no han skal vere glad for
dei manglande kunnskapane, for det er no på dette området han har henta
mest støtte frå Hagen. Ser du, akkurat som engelske supporter klubbar -
masse publisitet i favør av Hagen, no framstår han nærmast som den
ansvarlege landsfaderen. Då er han vel nøgd då Jagland - det er vel det han
triumferer for no, så nøgd med innsatsen i valkampen at han skal ha heile
podiet fult av likeverdige klovnar!"

"Så, du kan komme til å stemme RV neste gong då?" spør eg. "Ja, eg ser
ikkje bort frå det. Han dare Myhre likar eg i alle fall, DNA er eg ferdig
med! De må i alle høve gjere det kjent at de stiller liste i fylkje før eg
stemmer på partiet ditt - i år var det knapt eit musepip frå dykk her på
desse kantar."

Skal vedgå at eg skjemdest litt etter denne salva, samstundes som eg blei
glad. "Nei, no tek vi oss ein skål før vi køyer. Det er ikkje så mykje å
skåle for, men lat oss gle oss over det som er - RV har fått sitt beste val
nokon sinne, sjølv om det ikkje gav representasjon på tinget, og Sogn og
Fj. er fortsatt eit reint fylkje utan representant frå FrP på tinget!" han
slær oppi Brandy til meg - eg hatar denne Brandyen, men akkurat der og då
var den svarten ikkje så verst likevel.

Takk for innsatsen Aksel Sira Myhre, innsatsen din står det verkeleg
respekt av!

Helsing Olve Steinset