(no subject)

Olve Steinset (olves@online.no)
Sun, 28 Sep 1997 21:28:35 +0100

Aksjelovens Venner - og Sigurd Allern
I laurdag utgåva av Klassekampen 27. september freistar du deg, Sigurd
Allern, med faderleg formaning, så svulstig at det vert reint pinleg å
lesa. Pinleg fordi du ikkje med eit ord svarer på dei spørsmål du sjølv
implisitt reiser i din kritikk av Øgrim, Rynning Hanssen og andre medlemmer
av "Foreningen Aksjelovens Venner". Eg voner det ikkje er av manglande
politisk mot, eller eit svært så misvisande kart over det faktiske
politiske landskap, som er grunngjevinga for at du ikkje sjølv har gjeve
svar på dei. Eg har derfor nedanfor trekt ut problemstillingar du på eit
underleg vis polemiserer mot, men som du galant hoppar over å gje svar på
for eigen del, vel no rettar eg dei til deg direkte i spørsmål form - så
får vi sjå om du tek deg "tid" til å svara på dei.

Kva slags prosjekt trur du på Sigurd Allern? Kva slags avis vil du at
Klassekampen skal vere, konkret utan å nytta deg av abstraksjonen "heile
venstresida si avis"? Er du samd med avisas formålsparagraf, om du er det
korleis meiner du avisa skal etterleve den? Kva slags framtidig
eigarstruktur ser du føre deg, som ut frå ditt syn ville være ideelt - eg
tenkjer her på eigar grupperinger? Til sist, men ikkje minst kven meinar du
er avisas viktigaste målgruppe?

Det er nokså karakteristisk for denne debatten at alle som støttar skifte
av redaktør, gjer det fordi dei ynskjer seg ei annleis avis - ei avis som
er tru mot sin eigen formålsparagraf. Kravet er ikkje nytt, debatten om at
avisa på nytt må bli eit politisk reiskap for folk har gått lenge. Mange
har slutta abonnere fordi dei har vert misnøgde med avisa, mange har slutta
verve abonnentar og selje avisa på gatene fordi dei ikkje lenger var nøgd
med den. Debattantane på denne sida har fleire gonger freista å få i gang
ein debatt om det politiske grunnlaget for avisa, men det ser ut til å vere
heilt nyttelaust. Det einaste ein oppnår er å bli møtt med sjikane,
håplause karakteristikkar o.l.. Det siste tilskotet av denne typen er
Allerns nyoppretta foreining for nokon av oss - "Foreningen Aksjelovens
Venner". Eg veit ikkje, men er det bakom dette eit ynskje frå Allerns si
side å få omdanna Klassekampen til ei anna selskapsform enn eit A/S - i
tilfelle til kva? Allerns private bladselskap? Nei, eg berre undrar.

Vørdsamt Olve Steinset