Svar_på_leiarteigen_i_Dag_og_Tid

Vidar Lund (vidarlun@online.no)
Sun, 28 Sep 1997 20:52:22

Hei, KK-vener!

Her kjem eit innlegg eg har skrivi som svar på leiarteigen Dag og Tid hadde
om engasjementet målfolk syner for KK.

"Kven er den andre kritiske avisa?
I leiarteigen i Dag og Tid 39/97 svingar Ottar Fyllingsnes pisken over
nokre målaktivistar som har engasjert seg i framtida til Klassekampen. I og
med at eg er ein av dei som får nokre piskeslag til straff, vil eg gjerne
nytta høvet til å svara.

Leiarteigen innleier med ei skildring av den triste stoda i Klassekampen -
dårlege opplagstal og dimed økonomi. Fyllingsnes legg òg til at avisa har
eit problem med eigarane i AKP, som eig 70 % av Klassekampen AS. Dette er
interessant. Ein redaktør som har seti i heile perioden opplaget har gått
ned (om lag frå 28.11.94) er heilag og urørleg, medan eigarane som freistar
rydja opp i kaoset er den store stygge ulven. Forstå det den som vil - og
kan. Eg vil gjerne, men kan ikkje.

Deretter vert oppropet frå oss målaktivistane referert - eller det vil
Fyllingsnes ha lesarane til å tru at han gjer. Han gjer det ikkje. I
oppropet vårt står det: "Me tolkar skiftet av redaktør som ein freistnad
frå styret på å ta tak i dette Æat avisa har vorti uinteressantÅ. Det
synest me er gledeleg." Dersom nokon finn namnet Jon Michelet her er han
god - eller særs dårleg. Det gledelege er at styret faktisk tek tak i dei
problema avisa strid med, utan at vi tek stilling til kva redaktør som kjem
i staden. Lenger ned i same bolken skriv Fyllingsnes at vi seier at
"Klassekampen har også vore for lite interessert i Målungdommens
nasjonalismedebattar". Vel, for å sitera frå røynda og ikkje frå kva
Fyllingsnes trur han har lesi: "Medan nasjonale rørsler og nasjonalisme har
vore sjølve temaet i europeisk politikk det siste tiåret, har avisa vore
uinteressert i dei miljøa som har ført diskusjonar og utvikla politikk
kring dette". Som gamal målungdomsaktivist må eg seia takk for æra dersom
Fyllingsnes trur det berre er Målungdomen som har tenkt og utvikla politikk
kring nasjonale spørsmål i Noreg. Eg trur likevel det er ein for dryg påstand.

3. avsnittet i leiarteigen er kan henda meir avklarande om kva Fyllingsnes
tenkjer: Målungdomen (under tredjeparten av underskrivarane er aktive i
Målungdomen i dag) er vorten so høgrevridd at han ynskjer å gravleggja
Klassekampen saman med partiet som fødde avisa. Her er visst moralen at
dersom Fyllingsnes ikkje greiar "ta oss" frå høgre skal han ta oss frå
venstre. Fyllingsnes klarar å skriva at "Det er direkte naivt å tru at ei
innsnevring av Klassekampen kan appellera til fleire lesarar".

Her er kjernen i motivet bak innspelet vårt: Kva innsnevring??? Er det ei
innsnevring å skriva meir om kva som skjer utom Oslo-gryta? Er det
innsnevring å skriva meir om det friviljuge, folkelege kulturlivet? Er det
innsnevrande å ordskiftast om nokre av dei viktigaste politiske tendensane
dei siste ti åra?

Siste avsnittet hjå Fyllingsnes er likevel det beste. I fylgje han har Paul
Bjerke freista gjera Klassekampen til ei avis for heile venstresida (kvar
byrjar venstresida forresten?). Dette har då ikkje vori godt nok for AKP.
Der er det vel berre ein ting å seia: freistnadene til Paul Bjerke og
redaksjonen har ikkje vori gode nok for oss, for lesarane ein eller anna
stad på den udefinerte venstresida. Det er lesarane som har slutta å lesa
avisa, ikkje eigarane.

Til slutt vil eg beda Fyllingsnes om noko, sjølv om Klassekampen skulle
verta gravlagt som ei fylgje av at folk vil henne vel: ikkje ottast! Dersom
våre freistnader på å koma med innspel skulle vera ein grunn til at
Klassekampen vert gravlagt, vil vi sjølvsagt ta sjølvkritikk. Fyllingsnes
kan vera viss på at vi skal halda fingrane langt unna Nationen. Noko
kritisk presse må vi ha, der er vi heilt samde.

Vidar Lund
målaktivist"

---------------------------------------------
Vidar Lund
Anna Sethnes gt. 2A
0474 OSLO
Tlf. 22 37 65 73(p), 22 62 60 47(a)
Faks 22 62 60 61(a)
vidarlun@online.no
http://home.sol.no/vidarlun/
--------------------------------------------