Kva meiner DU - Anders Ekeland - egentleg?

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 25 Sep 1997 21:07:37 +0200

Ja, kva meiner du eigentleg Anders? Eg har no finlest 16 innlegg, eller
skulle eg heller sei rettingar, korrekturer eller forsøk på svar (svar på
kva? - eg er neimen ikkje sikker) - vel, la meg heller då sei: 16 skriv frå
19.09 til i dag 25.09.1997 - og tross dette er eg like vis på kva du står
for. Det einaste eg har fått med meg er at du, på ein eller annan måte, vil
meine noko om det som omhandlar Klassekampen.

Eller er det slik Anders at du har utpeika deg sjølv til å vere denne
debatten sitt sjølvgestalta "påpeikande pronomen" - for meg blir dette
ikkje anna enn rein opportunisme. Derfor vil eg no oppmode deg om, for eiga
maskin, å skrive eit innlegg der du gjev utrykk for kva som er dine
standpunkt - om du har nokon - i denne saka. Kva som er ditt eige
standpunkt til Klassekampens formålsparagraf. Korleis du ynskjer at
Klassekampens formålsparagraf skal vere utforma, eller om du synest det er
nok med ein plakat med påskrifta: "Klassekampen - heile venstresida si avis!".

Gjer du det, skal eg på nytt gjere eit forsøk på å ta det du kjem med
seriøst - no er eg ute av stand til det, for eg forstår deg ikkje!

I eit svar til mitt innlegg, den 23.09 "Kva slags avis skal Klassekampen
vere?", her på denne debattspalta skreiv du følgjande:

"Striden i KK går langs to skillelinjer 1) Hvordan ser en sosialistisk
avis ut idag? 2) Hva er det politiske og organisatoriske grunnlaget for
"hele venstresidas avis".

Kjære snille deg da Anders, korleis kan det gå skiljelinjer mellom to opne
spørsmål? Du blir nok nøydt til å komme deg ned på ein lavare
abstraksjonsnivå om du vil leite etter skiljelinjene i denne debatten - om
du likar det eller ikkje.

MHH Olve