Re:Våkn=5Fopp!

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Tue, 23 Sep 1997 19:45:07 +0000

> Du setter i det minste sakene skarpt!

Takk.

Sånn som jeg oppfatter det støtter
> jeg fullt og helt en aktivistenes avis mot en dvask venstreside-avis som
> nå. Jeg tror også at Michelet kan bli en helt utmerka redaktør. Men jeg
> mener at en god del av underskrivere av redaksjonsklubbens opprop har
> havnet på feil side i denne sak som følge av en fiendtlig journalistklubb,
> tilskyndet av AKPs uheldige håndtering.

Enig.

Jeg klarer ikke å se at en noe
> smidigere taktikk enn den du nevner betyr å falle ned på feil linje.

Enig.Det finst ulike taktikkar inafor same lina.

Men full støtte til Michelet trur eg er heilt rett. Sjølv meiner eg
det er tragisk dersom ENORMT flinke folk som Jens M. Johanson går på
grunn av denne konflikten.Eg trur ein som han kan trivast utmerka
under Michelet og få prega avisa mykje, heilt utan å bli eit gram
meir løpegut for AKP enn han er i dag. Problemet er, slik eg ser
det, at krigspropagandaen frå Allern/Bjerke-gjengen har fungert
såpass godt at vi no har stor krise, og risikerer å mista denslags
glimrande skribentar. Styrefleirtalet har sikkert ein porsjon
skuld for at situasjonen er slik han er. Men det er IKKJE dei som har
laga helvete. Det har Allern og delar av klubben klårt utmerka
sjølve.

Er det
> virkelig nødvendig å grave grøftene så dype som mulig på dette tidspunkt?

Nei. Det er nok mange som er i gang med å snakka over skyttargravene,
og finna ut om det er mogleg å dra vidare i lag. Men ikkje alle.
Allern er framleis ute i krigen, tenkjer eg, og mitt VÅKN
OPP!-innlegg er rett og slett ei oppmoding om å vinna denne krigen,
FOR aktivistavisa Klassekampen. Når det gjeld journalistklubben,
meiner eg mange av dei er langt nede i ei skyttargrav dei aldri
skulle gravd, og som truleg var "designa" av heilt andre enn dei
sjølve, som ledd i den verkelege krigen. Eg sit altså og hevdar at eg
ikkje trur det fyrst og framst det er Michelet som blir "brukt" i
denne striden. Tvert om: Han veit kor han skal: Til ei revolusjonær,
optimistisk, kritisk (også mot revolusjonen, Helgheim!) dagsavis som
har aktiv dialog og samarbeid med alskens progressive aktivistmiljø.
Dette er eit mogleg prosjekt, sjølv om Allern, Bjerke og Nærstad har
avskrive det forlengst. Men at det er mogleg i dag tyder ikkje at det
framleis er mogleg om to veker. Slaget står no!

Helsing

Magnus Engen Marsdal
--- P t o t h e P ---