Møte om Klassekampen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 21 Sep 1997 15:49:15 +0200

Det er ikkje meg imot at det vert skipa til møte i Oslo for å diskutera
kursen vidare for KK. Men eg minner om at ein av dei viktigaste kritikkane
imot KK er manglande interesse for det som skjer utanfor aksen Akersgata -
Blindern og dessutan eit perspektiv ogso på det som skjer
nær denne aksen som er farga av den ålmenne moderne kulturradikalismen.

Mange KK-vener ogso i Oslo vil vera samde i denne kritikken, men poenget
mitt her er at slike synsmåtar er langt sterkare utanfor
Oslo. Difor vil eg be den nye redaksjonen om at det ogso vert halde slike
møte eindel andre stader enn Oslo - slike stader er det langt færre
intellektualistiske posørar og folk er jamnt over lengre frå
maktkorridorane. Dersom det skal vera slik som Ekeland hevdar at slike møte
ogso skal brukast til å finna ut kva KK-vener meiner om kursen vidare - då
må KK ogso møta verda utanfor Oslogryta.

Med helsing
Roar Madsen
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41