Stå_saman_om_avisa=21

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sun, 14 Sep 1997 13:16:18 +0200 (MET DST)

Svein Lund
Pb. 90
N-9520 Guovdageaidnu 14.9.97=09
ruovttus / heime: tel. 78486877, faks 78486884
barggus / arbeid: tel 78484545 / 78484500, faks 78484510
e-poasta: sveilund@online.no =09

Klassekampen v/ redaktør Paul Bjerke og styreleiar Rolv Rynning Hanssen

STÅ SAMAN OM AVISA!
Eg har nettopp lese debatten på KK-forum siste veka og er skremt over
utsiktene til ei full kløyving i Klassekampen, noko som kan truge avisa sin
eksistens.
Underteikna har gjennom 28 år levd med avisa i roller som abonnent, dør- og
gateselgar, korrespondent, journalist, aksjonær, kommandittist og seinast
debattant på KK-forum. No er eg svært bekymringa for utviklinga av avisa, og
før dokker brakar saman i morgon vil eg rette ein så inntrengande appell eg
kan til begge partar:
Ta dokker sammen!
Grunnlaget for Klassekampen som politisk og journalistisk prosjekt er avisa
sin føremålsparagraf. Denne er og retningslinja for redaktøren sitt arbeid,
og styret bør ikkje legge seg opp i det daglige redaksjonsarbeidet så lenge
avisa blir dreve i samsvar med føremålsparagrafen.
Klassekampen er ikkje VG. Avisa er bygd opp av aktivistar og framleis er det
økonomisk viktig for avisa at dei støttar opp. Politisk er det ikkje bare
viktig, det er avgjørande. VG får verken folk å selge avisa gratis på gata
eller korrespondentar å skrive billig eller gratis.
Korfor har Klassekampen fått dette til? Fordi vi er nokre tusen som har
kjent avisa som vår avis. Når mange av oss har gitt uttrykk for at vi ikkje
er nøgde med utvilinga i avisa dei siste åra, har det fint lite med AKP å
gjøre. Det store fleirtalet av oss som kjenner Klassekampen som vår avis er
idag ikkje medlemmar av AKP og mange er svært negativt innstilt til AKP på
mange område. For min del må eg seie meg lite nøgd med den måte AKP har
behandla Klassekampen på.

Når eg likevel har retta kritikken først og fremst mot redaksjonen, er det
fordi det har vore umogleg å få dei i tale. Eg utfordra i vår redaktøren,
styreleiaren og AKP-leiaren til å svare på spørsmål om distriktsdekkinga.
Etter purring svara AKP-leiaren i avisa, styreleiaren svara meg privat og
redaktøren svara ikkje.
Når du har erta på deg så mange lesarar, Paul, så er det ikkje fordi er så
usamde i alt du gjør, men først og framst fordi du ikkje svarar. Eg toler
godt å ha ei avis som skriv mye eg ikkje likar. Men ei avis eg skal kjenne
som mi må kunne svare på kritikk og forslag og diskutere med lesarane. Du
har sjølv sagt at kontakt med lesarane er viktig. Men korfor gjør du da
ikkje noko med det?

Avisa heiter Klassekampen og er grunnlagt på den ideologien at alt utviklar
seg gjennom kamp. Ei slik avis kan ikkje vere redd for kritikk og ikkje
sensurere fakta og meiningar. Derfor er eg skremt over at redaksjonen trass
utallige oppmodingar ikkje vil offentliggjøre vedtaka frå Klassekampen si
generalforsamling i sommar. Som aksjonær sendte eg inn forslag til vedtak,
men det har vore heilt umogleg å få greie på om nokre av disse har blitt
vedtatt.
Kordan stemmer dette med avisa sin kamp for openheit i forvaltninga og
kampen mot hemmeligheitskremmeriet til regjeringa og EU?

Eg ønsker ikkje at redaktøren verken skal sparkas eller gå i protest. Men eg
ønsker heller ikkje ein eineveldig redaktør som verken lyttar til dei
tilsette, lesarane eller avisa sitt styre.
Ein bør derfor kunne sette seg ned og streke opp nokre retningslinjer for
kordan avisa bør utvikle seg.
Blant dei bør vere:
- bedre landsdekning i stoffet
- bedre dekking av fagrørsla
- meir folkelig kulturstoff
- meir kontakt med lesarane

Dersom redaktøren vil arbeide etter føremålsparagrafen og disse
retningslinjene og ha ein slik konstruktiv dialog med styret og lesarane,
bør han få tillit til å fortsette. Dersom han ikkje ønsker diskusjon med
nokon om kor avisa skal gå, ser eg ikkje anna utvag enn at styret må finne
ein ny redaktør.
Eg vil i det lengste vone at det ikkje blir naudsynt.

Med kameratslig helsing

Svein Lund

PS. Eg minner om at eg enno ikkje har fått svar på jobbsøknaden min. Han er
framleis gyldig om nokon vil ha meg.