Svar_på_to_innlegg_frå_Marsdal

Olav Randen (boksmia@online.no)
Wed, 10 Mar 1999 10:03:10 +0100

Eg har to innlegg frå Magnus Marsdal å svare for. Først ber han meg "utdjupe
mi opne haldning". Dinest ber han meg svare på dette spørsmålet: "Er det
ikkje mogleg for Klassekampen å gje liv og lys og rom til debatt med og for
ein masse folk som ikkje er "proklamert revolusjonære og sosialistiske" UTAN
å fjerna avisas eige politiske grunnlag?" Og han skriv: "Den nærliggjande,
psykologiserande, analysen av Randens standpunkt er at det uttrykkjer hans
eiga desillusjonering. At han kastar ungen ut med det badevatnet som han ein
eller annan gong oppdaga var både kaldt og surt. At han blir nihilist heller
enn ein nøktern kritikar av "marxismen" og "sosialismen".
Det er svære spørsmål, og dette innlegget blir ikkje utdjupande. Men kanskje
kan det drive debatten eit steg vidare.
I.
Blant oss som gjerne vil ha Klassekampen (eller ei avis som liknar) finst to
ulike grunnsyn. Mitt, som eg trur eg deler med KK-lesarar flest og også i
hovudsak med Marsdal - og med svært mange frå kategorien folk flest, er at
verda har gått av hengslene. For å forklare kvifor det skjer og korleis det
skjer, kan vi hente mykje frå Marx og Engels og andre marxistar, men også
frå heilt andre kjelder om naturøydeleggingar, krig og krigsfare,
opprusting, meiningslaus forbruksvekst, kvinneundertrykking og mange slike
spørsmål.
Er ikkje linene over denne sjølvsagde og unødvendige? Kanskje, men sidan
Marsdal spør om eg vil starte på null og før Marx, er det kanskje nødvendig
å slå fast at vi har eit lass av kunnskapar og innsikt, frå Marx og
Worldwatch og Rosa Luxembourg og Rachel Carsons (Den tause våren) og mine
eldre sambygdingar og urfolk i ulike land, kunnskapar som gjer oss i stand
til å analysere og forstå ein heil del av korleis verda fungerer.
I dag er det sjeldan å møte folk som trur på framtida. Vi trur at neste
generasjon får det verre og neste generasjon (viss då ikkje den påviste
halveringa av sædceller frå min til Marsdal sin generasjon eller eitkvart
slikt gjer våre etterkomarar ufruktbare) endå verre att.
Vi, Marsdal og Randen og folk flest, er altså samde om at verda har gått av
hengslene. Og vi vil gjerne gjere noko med det. Men vi har ikkje Løysinga,
berre ufullstendige tankar om kva løysinga kan innebere. Difor er oppgåva
over alle oppgåver å få til fruktbare møte mellom desse tankane, frå
etterrevolusjonær sosialisme i Sovjetunionen og Maos folkekommunar via norsk
lokalsamfunnsorganisering til klasselause nomadesamfunn i Mongolia og
Bhutan.
Men om dette skal fungere, må vi minst av alt grave grøftene rundt oss
sjølve og stengje andre ute. Vi må reise problemstillingar og gå inn i
debattar med open haldning.
For å kome attende til Klassekampen (eller NYAVIS): Eg ønskjer for det
første at avisa skal drive fram analysane og skaffe fram stoffet om korleis
dette samfunnet og denne verda utviklar seg. Eg ønskjer for det andre at
avisa skal vere eit forum for debatt om alternativa.
II.
Men somme har Svaret. Målet for dei med Klassekampen er at avisa skal
brukast som reiskap for å flokke folk rundt deira svar. Når eg varsamt
foreslo å stryke "ut fra et revolusjonært og sosialistisk grunnsyn" i
plattforma til Klassekampen, er altså reaksjonen frå talsmannen for 49,7
prosent eller deromkring av avisaksjane at det er
"det same som å gje marknaden og den dominerande borgerlige offentligheiten
fritt spelerom. Det gjev ikkje ei nøytral avis, men det vil ganske raskt gje
ei anti-revolusjonær avis."
Her osar det av mistru til anna tenking. Og av redsle for at eigne tankar
ikkje tåler møte med anna. Av slikt blir det ei dårleg og usjølvstendig
avis. Av slik mistru til alt anna enn eins eige blir det heller ikkje noko
nytt samfunn. For slike haldningar er å grave grøfter rundt seg sjølv i
staden for grøfter rundt fienden. Det er å be om isolasjon både for
Klassekampen og for AKP.
Vil du, Marsdal, ha eit døme på liknande tenking innanfor eit anna område,
kan du lese artiklane til Tron Øgrim i Klassekampen om kloning av virveldyr.
"Vi (dvs. slike som han og miljøvernministeren) må avdramatisere for å unngå
hysteri", skriv han. Han forvaltar altså sanninga, dit at han kan stemple
andre som innsynslause og hysterikarar.
For slike må det vere eit tankekors - om dei ikkje støyter frå seg
problematiske tankar - at undersøkingar frå fleire land viser at til større
innsyn folk får i moderne bioteknologiske metodar, til fleire motstandarar
blir det.
Når eg les dei skråsikre påstandane til Øgrim og aller mest grunntanken hans
om at kloning er naturens eigen metode, då tenkjer eg: Takk skjebne for at
Øgrim berre er spaltist i ei lita avis utan særleg innverknad og ikkje ein
person med makt. For forakt for anna tenking er ikkje bra. Klokkartrua på at
ein sjølv forstår alt til botnar er ikkje bra. Og kronargumentet til Øgrim
om naturens eigen metode kan brukast for å forsvare all nedbryting av natur.
Vi forsøplar naturen med naturens eigne stoff, som vi flytter på og samlar
(grunnstoffet kvikksølv i Sørfjorden) og difor gjer til skadegjerarar.
Kjerneenergi er naturens eiga energiform, som vi berre flytter frå naturen
og inn i reaktorane. Brenning av biologisk, også fossilt, materiale har
alltid gått føre seg i naturen. Forureininga går altså føre seg med naturens
eigne metodar (rett nok ikkje berre i naturen, men i reaktorar,
laboratorium, motorar og industrihallar).
Nei då, eg har ingen ting imot Øgrim som person. Av og til tykkjer eg han er
morosam, og av og til har han noko å fare med. Men eg har svært mykje imot
den tenkinga som kjem fram i desse innlegga.
III.
For eventuelle nye lesarar må eg kanskje gjenta at eg er gammal ml-ar, at eg
som Edith Piaf ikkje angrar noko, eller iallfall lite, og at eg ikkje utelet
at eg ein gong vil søkje om medlemskap i AKP att. For eg meiner partiet kan
vere til nytte i arbeidet med å forme framtida i dette vanstyrte landet og
denne vanstyrte verda. Eg er altså ikkje, som Marsdal skriv, ein kritikar av
marxisme og sosialisme. Eg er tvert imot ein tilhengjar både av marxisme og
sosialisme, og berre ein kritikar av tanken om at dette er det einaste
saliggjerande.