Fakta til ein EU-debatt

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 09 Mar 1999 08:24:58 +0100

Kan nokon hjelpe meg med nokre faktaopplysningar til ein avisdebatt som
m.a. handlar om EU og Aust-Europa? Sakene har nok stått omtala i KK, men
det tek litt tid å finne dei der. (Kanskje eg burde skaffe meg
CD-ROM-utgåva? Hm.)

- Kva veit vi om konsekvensane (positive og negative) for dei påtenkte
nye medlemslanda? (Landbruk, industri, eksport til vest m.m.).
- Veit vi noko om forholda ved dei nye yttergrensene for EU (mellom
Estland og Latvia, Tsjekkia og Slovakia osv.)
- Kor mykje ansvar har EU for situasjonen i det tidlegare Jugoslavia?
- Andre poeng som passar i debatten om utvidinga av EU?

Lars Staurset