Om_tidsånd_og_avisøkonomi

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 8 Mar 1999 09:47:41 -0800

Mange har kommentert innlegget "Ope brev til AKP" og kome med fornuftige
innspel. Dette er kommentarar til innlegga frå Asgeir Bell og Erik Ness. Jon
Michelets innlegg kjem eg kanskje attende til (på prosa, eg er dessverre
endå dårlegare til å rime enn redaktøren), i første omgang berre ros for
skikkeleg svar.
Eg tek utgangspunkt i eit uttrykk vår danske debattant Per Rasmussen tillegg
Jesus: Den som ikkje er imot meg, er med meg. Men du siterer feil, Per
danske. Jesus sa, iallfall ifølgje min bibel: Den som ikkje er med meg, er
mot meg. Det er ein avgjerande skilnad, og mykje av debatten handlar om
denne skilnaden. For å skrive det stutt: Eg følgjer di reformulering og
Asgeir Bell/Erik Ness følgjer originalversjonen.
Eit par tiår attende trudde folk flest på framtida. Dei var rett nok redde
for verdskrig og atombomber, men vi som sa at framtida kom til å bli prega
av arbeidsløyse, øydelagd natur, massesjukdommar og svolt, vart stempla som
dommedagsprofetar og svartmålarar. I dag ser dei fleste at samtida er prega
av arbeidsløyse, øydelagd natur, massesjukdommar og svolt, og dei trur at
framtida blir verre. Vi er altså samde og har eit grunnlag for å
kommunisere.
Eit par tiår attende trudde mange dei hadde løysingane, anten dei var
sosialdemokratar eller kommunistar. I dag innser dei fleste av oss at svara
er langt vanskelegare å gi. Vi må diskutere og famle i arbeidet med å få til
eit berekraftig samfunn for dei 10-12 milliardane menneske talet med tida
vil stabilisere seg på. Vi har inga patentløysing, heller ikkje revolusjon
og sosialisme endå det på mange måtar høyrest fornuftig ut. Denne
kombinasjonen av informasjon, analyse og famling framover er den store
utfordringa. Som mange har lyst til å delta i.

Program for slikt arbeid kan formast på ulike vis. Når det gjeld avisdrift,
tykkjer eg ikkje følgjande formulering er så ueffen:
- en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske
avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking og
miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk,
organisering og politisk kamp mot slike forhold.

Linene over er formålsparagrafen til Klassekampen utan dei sju siste orda
(ut ifra et revolusjonært og sosialistisk grunnsyn). Dei byggjer etter mitt
skjøn på den fornuftige tanken for ein einskapsfront at den som ikkje er mot
meg, er eller kan bli med meg. Dei byggjer på tiltru til at folk i
fellesskap kan få til noko.
Men Bell/Ness ser det annleis. Bell skriv og Ness sluttar seg til: "Etter
mitt syn er det å stryka revolusjonært og sosialistisk i plattforma det same
som å gje marknaden og den dominerande borgerlige offentligheiten fritt
spelerom. Det gjev ikkje ei nøytral avis, men det vil ganske raskt gje ei
anti-revolusjonær avis."
For Bell står altså spørsmålet som i Jesu opphavlege formulering: Den som
ikkje er (hundre prosent) med meg, er imot meg. Difor vågar ikkje Bell å
dele med andre tankestraumar.
Når eg trur det ikkje kjem til å gå bra med Klassekampen framover, er det
først og fremst fordi avisa og den sentrale aviseigaren er prega av denne
kombinasjonen av redsle for andre tankar og klokkartru på eigne løysingar.
Avisa er, slik eg ser det, litt for mykje av ein politisk parallell til den
ultrakristne Dagen, ei avis som har som hovudmål å gi Oppskrifta. Til
skilnad frå ei avis som har som hovudmål å setje folk i stand til å tenkje
sjølve og lage oppskrifter.

Så til økonomi. I fleire artiklar har redaktør Michelet skrive at det er
ulvetider for avisdrift, og Bell/Ness følgjer opp med at ei ny avis ikkje
vil vere liv laga. Det er noko tyngre å drive avis i Norge i 1999 enn det
var i -98 og -97, det er så (men truleg lettare enn i 1979). Vi kan nok
rekne med fleire nedleggingar (og overgangar til nettaviser) enn
nyetableringar framover i verdas avistettaste land, men sjå til dømes på
nettsidene til Norske Avisers Landsforbund, og de vil sjå at kriseutmålinga
er lite dekkjande. Eller spør Kåre Valebrokk. Tabloid overdriving om ein
vil.
Kvifor skriv dei då slik? Fordi Michelet er ein dårleg og upresis analytikar
og dei andre har annamma hans dårlege og upresise analysar? Fordi dei
overvurderer krisetendensane i kapitalismen? (Tru kva jamrande uttrykk dei
vil bruke om oljebransjen eller skipsverfta, som har langt større
innskrenkingar enn avisene?) Eller er det fordi dei gjerne vil spreie eit
inntrykk av at valet for lesarane står mellom Klassekampen i si noverande
form og ikkje noko?
Og ligg ein tanke attom om at dei, om vi skal vri på eit sitat til, frå Mao
denne gongen, meiner massane er tafatte og dumme og ikkje i stand til å
byggje opp noko nytt, medan partiet er dei eigentlege heltane? Dei som
åleine er i stand til å sykle på vatnet.
Nei då, heller ikkje eg meiner det er lett å starte ei ny avis, og eg har
ikkje noko ønske om å starte det arbeidet. Men akkurat som det finst ein
heil del mellom revolusjonær sosialisme som einaste framtida og frie
marknadskrefter/antirevolusjon, finst det nokså mykje mellom det lette og
det umoglege. Dersom Klassekampen i tida framover følgjer Bell og Lukas
11-23, "Den som ikkje er med meg, er mot meg", må vi som vil arbeide for ei
berekraftig framtid, ta oss bryet med å studere det som ligg mellom det
lette og det umoglege for avisdrift med det siktemålet å danne media som kan
gjere framtida betre.
For å unngå mistydingar vil eg til slutt berre gjenta noko eg skreiv i
første innlegget, at eg har stor respekt for AKP og AKP-arar og deler mykje
av deira tenking, også ønsket om sosialistisk revolusjon (om ikkje
klokkartrua på at det er Løysinga). Når eg skriv desse innlegga, er det
ikkje for å hengje ut AKP og AKP-arar, men fordi eg vil ha dei med på laget.
Men for Ness, Bell og andre AKP-arar er det som for anna bra folk slik at
eiga tenking stundom kan stengje, og då må ein prøve å ryskje opp i det.