SVAR OM "NYAVIS"

Asgeir Bell (bellanfi@newmedia.no)
Thu, 04 Mar 99 20:40:39 GMT

Olav Randen har sendt eit ope brev til AKP på Klassekampen-forum. Han ynksjer
ei NYAVIS og vil ha svar på om AKP går inn for det. Ei NYAVIS skal ifølge Olav
Randen kunne;
- setje vesentlige spørsmål på dagsorden,
- gi innsyn og samanhengar i vidareføring av norsk folkeopplysningstradisjon og
med det ruste opp folk til å bli politiske aktørar,
- gi famlinga etter nye løysingar driv framover.
Det er tre problem , i følge Olav Randen, som står i veien for at Klassekampen
kan fylle desse oppgåvene;
- Klassekampen er knytt til og vidarefører ein tradisjon med å gi sine
skråsikre og moralske svar,
- at Klassekampen er for isolert (...) . og
- at Klassekampen er for dårleg og lettvint (...)

I ei tid der avisa sjølv og mange i og utafor AKP strever med å byggja opp
Klassekampens abonnementsstamme og gjev råd og vink til avisa om kor ho kan
forbetra seg, så er opplegget til Olav Randen mest til forundring.
Eg ber deg klargjera synspunkta dine:
- Er du imot Klassekampen som navn - kom gjerne med eit anna navn - det er
ikkje viktig kva AKP meiner, men kva mange fleire meiner om eit nytt forslag -
kan hende ber du på eit gullegg!
- Kva er gale med formålsparagrafen - ver konkret, legg fram nytt forslag!
- Kven kjem med kapital og organisasjon utover alle dei som stør avisa i dag
som støtteapparat (Klassekampens Vener, aksjonærar og skribentar) dersom
Klassekampen legg seg ned og går inn i eit nytt prosjekt. Ver svært konkret!

Eit nytt prosjekt må ha eit klart og godt formål, eit godt navn og
kapitalkjelder. Du må løyse dei tre problema. Kan du ikkje gje eit svar på det,
så har du ikkje noko prosjekt. Då må du som alle oss andre ta fatt der vi står
og går, selge avisa, ringe kjente og ukjente og be om abonnement, skrive i ho,
invitere fleire skribentar, oppmode avisa til å forme nye og gode paroler om
seg sjølve ( som tabloidfri sone!) slik at lesarane blir knytt nærare til avisa
- til å lage ei betre forside ( som er i ferd med å skje) og til å utvikle ein
betre layout (der har du meg!).... Det er i desse dager nærare 11.000 som får
Klassekampen i postkassa anten laurdag eller kvar dag. Marginane er små - kan
vi løfte dei litt no og ta seinare sprang på same plattformen eller må vi sale
om?

Du har utspelet, Olav Randen. For oss og mange, mange fleire er Klassekampen
meir enn godt nok utgangspunkt til å byggja vidare på. Utfordringane er mange
nok der - og vi må ta dei saman og organisert.

04.03.99
Beste helsing
for AKP,

Asgeir Bell
sekretær

PS.
Slik lyder formålsparagrafen til Klassekampen:
"Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige
politiske og økonomiske avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking
og miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk,
organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et revolusjonært,
sosialistisk grunnsyn".