SV: SV: SV: NY TID

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sat, 20 Feb 1999 17:16:08 +-100

Tinnesand skreiv:

det som var mitt poeng var at jeg synes den
redaksjonen som sluttet laget en bedre avis enn dagens redaksjon. Og grunnen
til at folka i redaksjonen slutta var at AKP satte igang en "redningsaksjon"
for avisa som ble oppfatta som uakseptabel for de ansatte. Det var forøvrig
andre som pressa Eivind Røssak ut av redaksjonen. Personlig tror jeg det vil
være vanskelig å bygge opp ei god avisredaksjon over tid hviss de skal
"PK-veies" av partier eller aktivister for å kunne lage avisa.

Det siste er vi 100% samde om, det fyrste er vi samde om når det gjeld mange sider av/ved avisa. Det som gjenstår å finna ut av må då bli kva du meiner med at redaksjonen vart kasta ut. "Redningsaksjonen" gjekk ut på å byta ut Bjreke med Michelet og Nærstad med Hanssen. Det er akseptabelt for meg om "Vi må ta ansvar"-redaksjonen finn ut at dei ikkje KAN jobba med desse to på laget, sjølv om eg tykkjer dette verkar litt barnsleg. Men det er IKKJE akseptabelt for meg at dei fyrst kan slutta, frivillig, og deretter bli framstilt som martyrar som vart kasta ut. Dei vart ikkje kasta ut. Dei kunna haldt fram, og slåss for den avisa dei trudde på, og gått inn i dei kampane med Michelet som evt hadde vorte naudsynte (det VAR usemjer under Bjerke òg...). Men dei valte å slutta, i sutrete protest.

Kan du forstå mitt synspunkt?

Mingus