Kommunistisk forum, nytt nummer.

Torheim (otorheim@online.no)
Wed, 10 Feb 1999 18:14:45 +0100

Den fyrste utgåva av Kommunistisk Forum kom ut i februar 1996.
Utgangspunktet var, den gongen som no, å få i stand ein dialog "på tvers"
millom dei ulike kommunistiske miljøi, både organisera og uorganisera, som
ynskjer ei sterk og samla kommunistisk rørsla i Noreg.
Redaksjonen er sett saman av personar med parti- og organisasjonstilknyting
av ymist slag. Men alle er samde um at marxist-leninistisk einskap treng
skarp avgrensing imot reformisme og sosialdemokrati på den eine sida, og
imot trotskisme og eventyrpolitikk på den andre.
Av tema som vert tekne upp denne gongen kann nemnast kommunistane og
spursmålet um staten, klassekamp og klassemedvit, marxistar og
ytringsfridom og røynslor frå den kommunistiske samlings- og
einskapsprosessen i Danmark.

Du fær Kommunistisk Forum fritt tilsend berre du sender ein mail med namn
og tilskrift åt revolusjon@rocketmail.com.

Olav T