Ny avis?

Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Mon, 25 Jan 1999 10:14:40 +0100

Berre ein liten kommentar til det å satse på to hestar.
Dersom den eine hesten er å få fleire abonnetar til Klassekampen,
og den andre er å diskutere kva slags avis Klassekampen må bli,
så er eg samd i at desse to hestane må vi satse på samstundes.

Då AKP sette foten ned for den leia det såg ut som Klassekampen gjekk
hausten 1997, vart det og sagt ein del om kva slags avis AKp ville
at Klassekampen skulle være.
Andre sa også kva for avis som av turvande.
Eg trur dei langt, langt fleste i AKP, i Klassekampen redaksjonen,
og svært mange utafor AKP, eg trur Trond Andresen og Olav Randen er
mellom desse, kan være samde om svært mykje her.
Lat oss finne ut av dette. og så får vi sjå om eigarstrukturen til
Klassekampen er ei hindring i å få til det vi kjem fram til at vi er
samde om.
Eg trur det er ei avsporing å starte opp med eigarstrukturen.
Tenkjer vi oss om, så vil vi finne at det er ei heilkt ny sort avis vi
må, ei sort avis som aldri har vore laga før.
Oppgåva vår er å finne fram til denne nye avisa, det er ikkje lett.
Lettare er det ikkje å finne ut korleis vi skal lage ho.
Min påstand er altså at eigarstrukturen i Klassekampen korkje er
problemet eller løysinga no for å få til Klassekampen slik vi må.

Ottar Solberg