Re: Hvor menneskefiendtlig går_ det an å__ bli?

Espen (espen@feskar.net)
Tue, 12 Jan 1999 14:50:02 +0100 (CET)

Heisann!

Skal svara kjapt på eit par av spørsmåla som Trond tek opp. Har diverre
ikkje tid til å svara utfyllande på noko, då eg sit på arbeid.

Trond etterlyser svar på om Raud Ungdom er mot alle filmane som skal bli
synte på Cinemateket. Diverre kjenner eg ikkje til alle dei filmane dei
skal syna, men eg kan ikkje sjå at det har gått fram av noko av det RU har
komentert og/eller skrive om denne saka. Derimot har det blitt pekt på
enkelte av filmane som skal til framsyning. Dette kan interresrte lesa
meir om i ope
forum i KK side 2 i dag.

Raud Ungdom har ikkje noko fastlagt syn på kva som er eit godt skilje
mellom porno og erotikk. Det tyder ikkje at vi ikkje har diskutert det,
eller ikkje tykkjer det er noko viktig. Så lenge det er dette spørsmålet
vi pornomotstandarar blir møtt med stadig lyt vi nok ha noko form for svar
på dette. Dette har likevel ikkje vore den prioriterte debatten for Raud
Ungdom. Vi freistar mobilisera folk til kamp mot det
kvinneundertrykkjande
synet som pornoen står i spiss for. Vi veit at denne kampen ikkje vinnast
gjennom å ropa på den sterke stat som kan forby alt vi ikkje tykkjer om,
sjølv om vi også nyttar anmelding jamfør den saka som no er oppe (dette er
trass alt eit grovt tilfelle - jamfør Linda Lovlace si bok). Det
viktigaste i anti-pornokampen trur eg må vera å settja søkjeljos på nye
offensivar som kjem frå pornoindustrien, ikkje å settja opp liner for kva
du «har lov til å sjå» og kva du «ikkje har lov til å sjå på».
Pornoindustrien sin frammarsj på norske kinolerret er eit viktig steg for
pornoprofittørane i freistnaden på å legitimera pornoen. Dette har vore
ein prioritet for oss å syna.

Når det ikkje er masse RUarar som kastar seg ut i debatten om dette på
KK-forum er det IKKJE av di alle er 1000 prosent samd i "lina" til Raud
Ungdom, eller at folk ikkje er intelektuelt interesserte. Når Trond skriv
at «denne sørgelige tilstanden har vedvart i RU i over 10 år», oppfattar
eg dette som surmaga oppgulp som ikkje har noko rot i røyndomen. Eg
skjønner godt at dei fleste RUarar vel andre måtar å bruka tida si på enn
å krangla på KK-forum.

Med venleg helsing Espen Løkeland-Stai, nestleiar i Raud Ungdom