Spørsmål_og_spørsmål

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 6 Jan 1998 09:31:13 +0100

Før eg svarar Solveig Mikkelsen på innlegget "Du må tåle uenighet, Randen",
vil eg vise til sluttavsnittet i mitt førre innlegg og presisere at eg
ikkje har det minste mot Mikkelsen. Så langt eg kjenner henne, har eg grunn
til å tru at ho er eit engasjert og dyktig og klokt menneske. Men også
engasjerte og dyktige og kloke menneske kan ta feil og gjere dumme ting. Og
dei kan vere eksponentar for miljø og tankestraumar som ikkje fører fram.

Det må då vere lov å stille spørsmål til andre debattantar, skriv
Mikkelsen. Jau, det skulle berre mangle. For me uttrykkjer oss alle ofte
uklart, og oppklaringar må til om konstruktive ordskifte skal finne stad.
Me ser òg ofte ikkje følgjene av eigne synsmåtar, og difor er det viktig at
andre peikar på at synsmåte A kan føre til B og C.

Men det finst spørsmål og spørsmål. La oss gå attende til utgangspunktet
for debatten oss imellom. Eg foreslo a) at dei seks siste orda i
formålsparagrafen til Klassekampen om eit sosialistisk, revolusjonært
grunnsyn blir fjerna (og eventuelt erstatta med noko anna) og b) at
Klassekampen skal informere framfor å agitere. Eg brukte som noko av
grunngjevinga at opprørske og sanningssøkjande folk finst i alle politiske
leirar. Dette er framleis mine synsmåtar.

Om mitt forslag går gjennom, vil formålsparagrafen til Klassekampen lyde
slik, eventuelt med eit tillegg om å diskutere og utvikle betre måtar å
organisere samfunn på:
"KLASSEKAMPEN SKAL DRIVE EN SERIØS, KRITISK JOURNALISTIKK MED ALLSIDIGE,
POLITISKE OG ØKONOMISKE AVSLØRINGER AV ALLE FORMER FOR UTBYTTING,
UNDERTRYKKING OG MILJØØDELEGGELSER, SAMT INSPIRERE OG BIDRA TIL IDEOLOGISK
KRITIKK, ORGANISERING OG POLITISK KAMP MOT SLIKE FORHOLD."

Ut frå dette spør altså Solveig Mikkelsen:
- Meiner eg at Klassekampen bør ha ei eiga vekt som balanserer forholdet
mellom positive og negative kapitalisme-artiklar?
- Meiner eg at avisa bør slutte å vere kapitalisme-kritisk?
- Bør Klassekampen slutte å diskutere det alternative samfunnet?
- Bør avisa droppe harsellas om Frp slik at Frp-arar skal like ho?
- Kva med KKs vinkling når det gjeld Israels undertrykking av palestinarar?
- Bør avisa slutte å sjå det slik at Storbritannia har okkupert
-Nord-Irland?
- Er det greitt at KK forkastar sitt nei til EU-standpunkt, slik at
lesarane kan tenkje sjølve?

Men les opp att, Solveig Mikkelsen, den formålsparagrafen eg vil ha.
Forklar så meg og andre lesarar kvifor det å "drive en seriøs, kritisk
journalistikk med allsidige, politiske og økonomiske avsløringer av alle
former for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser" fører til eller
opnar for dei konsekvensane du skisserer.

Viss du kan forklare dette, vedgår eg gjerne at spørsmåla dine var på sin
plass. Men inntil du eventuelt har gjort det, ser eg det slik at spørsmåla
dine ikkje tente til å oppklare eller til å utdjupe dialogen, men til å
avspore.
Altså spør eg meg kvifor du debatterer slik. Er det for å hengje ut eller
mistenkjeleggjere ein motdebattant? Nei, eigentleg trur eg ikkje det. Er
det for å vinne ein debatt på lettvint vis? Eigentleg trur eg ikkje det
heller. Eg trur det er fordi du, som mykje av norsk venstreside, er prega
av det synet at viss ikkje folk meiner nøyaktig det same som du, utgjer dei
ein fare og ei opning for reaksjonen. Og eg trur dette synet står i vegen
for den kreative, spenstige og mangfaldige tenkinga og meiningsbrytinga som
trengst om sosialismen skal vinne fram. Og om Klassekampen skal overleve.