Debatten framover

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 29 Dec 1997 20:37:50 +0100

Det er fjerde juledags kveld. På internett har eg nettopp lese eit langt og
ferskt innlegg mot meg frå Trond Andresen og sett på tidlegare innlegg frå
Solveig Mikkelsen ein gong til. Og eg spør meg
a) skal eg bruke denne kvelden til å korrigere oppfatningar dei utan
dekning tillegg meg,
b) skal eg dinest svare på dei minst ti spørsmåla dei to til saman stiller
meg, og
c) om eg gjer det, blir resultatet då like mange nye korrigeringar, nye
spørsmål og nye tema.

Vel, eg startar så smått, så får me sjå kvar det endar. Debatten byrja med
at eg skreiv ei ytring med tittelen: Vil Klassekampen overleve? Som ein del
av vegen frametter skisserte eg ein omfattande debatt om innrettinga til
avisa, og skreiv då:

"Sjølv vil eg i diskusjonen om framtida for avisa argumentere for at hennar
rolle er å vere informator og ikkje agitator. Difor vil eg også ha fjerna
det som står i formålsparagrafen om eit sosialistisk, revolusjonært
grunnsyn. Ikkje fordi eg er imot ein sosialistisk revolusjon, langt
derifrå, men fordi kunnskapar, tenkjeevne og evne til å løyse motsetnader
er føresetnader for at ein revolusjon og eit nytt samfunn etterpå skal bli
vellykka, og det er på dette området ei avis kan gjere nytte. Eg vil altså
ha endra Klassekampen i retning danske Information. Men mitt syn er eitt
blant fleire. Kva diskusjonen munnar ut i, står att å sjå."

Etter noko att og fram spør Mikkelsen til dømes: "Bør Klassekampen ha ei
egen vekt som balanserer forholdet mellom positive kapitalisme-artikler og
negative kapitalisme-artikler? (...) Bør avisa slutte å være
kapitalismekritisk?" Og ho haugar på med andre spørsmål av liknande slag.
Det meste av dette opplever eg som lite relevant i forhold til dei
synsmåtane eg har teke til orde for. Den som vil ha grunngivinga, finn
henne i eit tidlegare innlegg.

Dette stiller seg sjølvsagt annleis dersom Mikkelsen kan argumentere
overtydande for at det å "drive en seriøs, kritisk journalistikk med
allsidige, politiske og økonomiske avsløringer av alle former for
utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser, samt inspirere og bidra til
ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold" (sitat
Klassekampens formålsparagraf utan sluttorda) gjer det naturleg at avisa
balanserer mellom positive og negative artiklar om kapitalismen eller gjer
det naturleg at ho sluttar å vere kritisk til denne samfunnsforma eller at
ho sluttar å kritisere Storbritannias kolonisering av Nord-Irland eller at
ho blir Israel-venleg, for å nemne nokre av dei sakene Mikkelsen tok opp.
Men for meg er det eit uforståeleg tankesprang frå dei synsmåtane eg tok
til orde for og til dette.

Så skriv Andresen: "Randen mener Solveig ikke svarer på spørsmål. Og jeg
mener de da i tilfelle er skuls, for Randen svarer ikke på Solveigs meget
betimelige problematisering ...". Men eg har ikkje stilt Mikkelsen noko
spørsmål og difor sjølvsagt heller ikkje hevda at ho ikkje har svara.

Kome så langt trur eg eg set sluttstrek frå mi side denne gongen. Ikkje
fordi debatten er sluttført, men fordi debattforma verkar lite konstruktiv.
Det må då vere råd å sjå at det finst standpunkt og ståstader mellom på
eine sida det å vere revolusjonær sosialist og på hi sida det å forsvare
kapitalismen, og at desse standpunkta er verdt å diskutere og å vurdere for
ei avis som Klassekampen. Eg vil heller utdjupe mine synsmåtar på forholdet
mellom informasjon og agitasjon i andre samanhengar og kommenterer denne
fjerdedags kvelden eit einaste spørsmål til, om Sigurd Allern vart sparka
frå redaktørstolen. Eg bygde på eit avskjedsintervju med hans etterkomar
Paul Bjerke, men har ikkje avisa lenger og kan ha mishugsa, eller han kan
ha teke i miss. I alle fall har fleire med innsyn i forholda sagt meg at
Allern sa opp friviljug.

Olav Randen