Informere eller agitere, svar til Solveig Mikkelsen. Av Olav Randen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Fri, 26 Dec 1997 09:38:04 +0100

Informere eller agitere?
På Klassekampen-forum 21.12 skreiv eg at Klassekampen si primære oppgåve
bør vere å informere og ikkje å agitere og at dei siste orda i
formålsparagrafen =85"ut fra et sosialistisk, revolusjonært grunnsyn" difor
bør fjernast.
Solveig Mikkelsen (SM) er usamd. Skiljet mellom informasjon og agitasjon
uråd å dra, og for henne inneber orda om grunnsyn at avisa er forplikta til
å diskutere alternativ til kapitalismen. Denne forpliktinga vil ho halde
fast ved.
Dette kan vere ein konstruktiv meiningsskilnad, og eg vil difor utdjupe
mitt syn med eit døme frå ein annan debatt: I samband med den nye
mønsterplanen for grunnskolen har ein omfattande diskusjon om
kristendomsfaget funne stad. Det eine synet, informasjonssynet, seier at
religiøs tenking og protestantisk kristendom spesielt er viktige delar av
vår kultur. Difor må elevane få kunnskapar om dei, og desse kunnskapane må
givast på ein slik måte at elevane sjølve skal kunne ta stilling. Ut frå
dette synet høyrer også innvendingar og kritikk, ateisme og andre
religionar heime innanfor faget. Det andre synet, agitasjons- eller
forkynnarsynet, seier at undervisninga skal skje ut frå eit kristent
grunnsyn, altså at formålet er at elevane skal bli eller bli verande
kristne. Ut frå eit slikt syn, som vann gjennom, må lærarar og lærebøker i
dag vere varsame med kritiske opplysningar og samanhengar som strir mot
det kristne grunnsynet.
Sjølvsagt gir læraren og læreboka informasjon ut frå begge syna, og
sjølvsagt påverkar dei ut frå begge syna. For ikkje noko av dei kan
reindyrkast i praksis. Likevel er dette skiljet så avgjerande at det undrar
meg at SM ikkje ser det.
Eg les dagleg to aviser som kan samanliknast, danske Information og
Klassekampen. Information har som formål nettopp å informere, grave opp og
kle av, om tema som gjeld miljø, politikk og kultur. Dette hovudformålet
gjer at avisa blir påliteleg. Ho gir lesarane bakgrunnsinformasjon, slik at
vi lettare sjølve kan ta stilling.
Klassekampen på sitt beste gjer det same, eg meiner ikkje anna. Men når
avisa er programforplikta til å synast bra om AKP og RV, om revolusjon og
sosialisme, blir avstanden, nyansane og kritikken så lett borte. Vi veit på
eitt vis svara før vi les. Vi veit at stoff lett blir sila vekk om det
ikkje byggjer opp om grunnsynet.
Spør vi kva for ei av dei to avisene som er mest revolusjonær, kan vi
sjølvsagt leite oss fram i formålsparagrafar og svare Klassekampen. Men
spør vi kva for ei som i størst grad fremjar alternativ og opprørsk tenking
og difor fungerer revolusjonært, trur eg svaret er Information. Ikkje med
å gi lesarane svara i handa, men med å gi bakgrunnen og forståinga som må
til for at folk skal tenkje sjølve.
SM skriv om nye straumdrag i journalistikken og siterer Harald Stanghelle i
Dagbladet som vil ha "de brennende sjeler". No trur eg nok det går litt i
surr for Dagblad-redaktøren, det er helst i det Draumkvedet kallar
auromheimen at sjeler brenn. Rudolf Nilsen, som Dagblad-redaktøren truleg
siterer etter minnet, ønskte seg i "Revolusjonens røst" "de brennende
hjerter". Men, SM, tyder noko på at Dagbladet verkeleg vil ha desse? Eg les
rett nok sjeldan Dagbladet, men kvar gong eg gjer det, sit eg att med
inntrykket at det einaste dei brenn for, er sensasjonsoppslaga som skal gi
laussalsrekordar. Altså trur eg Stanghelle bløffar.
SM vil forplikte KK til å skrive om sosialisme, revolusjon og eit anna
samfunn. Det vil eg òg. Det kan gjerast med å seie noko om temaval heller
enn om revolusjonært grunnsyn. Om å ha faget på timeplanen, for å jamføre
med kristendomsdebatten.
Så langt denne gongen. Eg trur denne debatten kan førast vidare og gi ny
innsikt i korleis Klassekampen kan bli ei betre avis. Men eg spør meg også
om ein slik debatt har noko for seg. For det meste tyder dessverre på at
aviseigar AKP har bestemt seg og er lite lydhøyr overfor andre.
Eg etterlyste i mitt førre innlegg teikn på at avisa hadde vorte betre
etter redaktørskiftet. Dette spørsmålet er berre komisk, skriv SM, for
ingen er i stand til å vurdere det objektivt etter haustens spetakkel. Nei,
eg var ikkje blant dei som kritiserte og heller ikkje blant dei som
skamrosa avisa dei første vekene etter at nyeredaktøren kom. Eg meinte at
når skiftet først var skjedd, måtte dei få litt tid. Men no har eit par
månader gått, og eg tykkjer
det er på høg tid å spørje kvar det blir av arbeidarstoffet,
distriktsvinklinga, miljøstoffet, analysane av globaliseringa og dei
gjennomtrengjande debattane om det alternative samfunnet. Ikkje slik at vi
bør forlange alt på ein gong og heller ikkje slik at vi bør sjå bort frå
dei innkøyringsproblema ein ny redaksjon har, men etterlysinga av TEIKN PÅ
BETRING er fornuftig og ikkje komisk.
SM hevdar at eg spreier pessimisme når eg skriv at vi lever i ei vanskeleg
tid for opprørsk arbeid og at Klassekampens dagar kanskje snart er talde.
Ja og nei. La oss ta det vi med eit litt høgtideleg ord kan kalle tidsånda
først. Klasseskilnadene veks, miljøproblema like eins, og motsetnadene
mellom den rike og den fattige verda blir større. Men det strøymer ikkje
akkurat på med fagforeningsresolusjonar, protestaksjonar, streikar og krav
om ei rettferdig verd. Eller med argument frå utolmodig og opprørsk ungdom
som vil ha endringar over natta. Tidsånda i det meste av Europa er i staden
prega av ei urealistisk framtidsoptimisme og ego-tenking.
Visst kan det snu, både fordi ny tenking veks fram og fordi ytre forhold
kan vise naivismen, slik Paris-opprøret i 1968 gjorde at eit ungdomsopprør
skaut fart i mange land, slik olje-krisa i 1973-74 sette forbruksveksten på
dagsorden, slik Tsjernobyl-ulykka førte til interesse for alle
miljøspørsmål og slik Chiapas-opprøret har sett merke etter seg verda over.
Det kan skje, men i ei nøktern og kald planlegging av dei første åra bør vi
rekne med
at opprørsk tenking neppe gjer kvalitative sprang framover. Planlegg vi
annleis, er sjansane for å trø feil store. I slike tider er det ekstra om å
gjere å ta vare på sine vener, for nye strøymer ikkje på.
Det kan med rette hevdast at Klassekampen er bygt opp gjennom ein
kjempedugnad der innvendingar har vorte skrelte vekk. Maos "Den dumme
oldingen som flyttet bergene" kunne stå som motto for Klassekampen gjennom
vel 25 år. Men det som har skjedd denne hausten, gjer at mange har mist
trua på dei som organiserer dugnadsarbeidet. Då er reprisar av tidlegare
dugnadsarbeid ein illusjon.
Det er dette redaktør Michelet ikkje skjøner når han prøver å fokusere
berre på dei lyse trådane i veven og endåtil halde unna lesarane relevante
innvendingar mot aksjeutvidinga. Dette er å grave ei grav for avisa. I
staden bør haldninga vere at det gjeld å få alt, alle innvendingar og all
skepsis, på bordet og røkje etter om dei held og om det framleis finst
argument for å halde fram. Fordi slike argument finst og fordi det framleis
kan la
seg gjere å snu tenkinga hjå aviseigar AKP, kan denne vegen berge avisa.
Difor vil eg hevde eg spreier framtidsvoner heller enn pessimisme.

Olav Randen