Jon M. som trotskist?

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Sat, 13 Dec 1997 13:34:48 +0100 (MET)

CVJ skreiv:

> jeg har feilvurdert Jon Michelet i det jeg har skrevet om hans rolle som
> redaktør. Det er åpenbart, at redaktøren har lært noe om sosialisme av
> ganske andre enn Josef Vissarionovitj Dzugasjvili (eller også er han så
> taktisk raffinert, at han setter krokbein for seg selv, men det velger jeg
> nå ikke å tro).

Denne andre skulle vel ikkje vere Leo Bronstein, alias Leo Trotskij? I
munnen på ein trotskist er det ei rimeleg tolking.

Skal eg tolke den lærde herren slik at dersom majoritetseigaren AKP
hadde brukt si makt i Klassekampen til å tilsetje Leo Trotskij som
redaktør, om han då ikkje hadde fått isøksa i hovudet i 1940 og gått over
i historia, så hadde han straks sendt lesarbreva til Nærstad og Allern til
setteriet?

Eg har lese Trotskij, men eg har ikkje drive bibelstudiar på han. Eg kan
difor ikkje sjå vekk frå at CVJ har rett.

Men det kan hende han hadde ledd seg i hjel før han kom så langt.

Finn Sindre Eliassen