Lesevandskar o.l.

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 10 Dec 1997 11:55:48 +0100

Dei kritiske visittane eg har gjort til Vedel Johansen og hans innlegg på
KK-forum har falle honom tungt for brystet. Han skriv:

"Men kjære deg, det var da ikke nødvendig å komme med en så overtydelig
bekreftelse på hva jeg skrev om gallesure AKPere. Du når ikke helt opp til
Eliassens tidligere høyder, men forsøket er godt. Måtte din avreagering
bekomme deg vel, og gallenivået stabilisere seg! Dersom du i tillegg engang
skulle komme over dine åpenbare lesevansker, kan du kanskje til og med ende
opp med å forstå noe av det jeg skriver."

Det er ikkje gull alt som glimar og god kritikk alt som vert marknadsført
med sperre-
eldar av antagoniserande og stemplande retorikk. Dette har vore poenget mitt
med kritikken
av KVJ. At KVJ møter dette med å definera meg som ein gallesur AKPar får no
berre
vera - det er vel ikkje so nøye om det stemmer med røynda.

At han i tillegg postulerer at eg har "åpenbare lesevansker" og at eg ikkje
forstår noko
av det han har skrive er ei sopass arrogant fornærming at det ikkje let seg
gjera å karakterisera
ho utan å bryta med normer for deltaking på KK-forum som eg faktisk held høgt.

Trass i desse og sikkert mange andre lyte kan eg no berre konstatera at KVJ
sannsynlegvis
aldri vil kunne leva opp til "normale" debattnormer, eingong trudde eg
kanskje det. Det gjer eg
ikkje lenger. Måtte han ein gong gjera ålvor av å trekkja seg ut or
KK-forum. Dette skriv
eg i fullt medvit om at KVJ eller andre vil mistenkja meg for å ynskja
haldningane til KVJ ut
or forumet. For oss som lever med ei kontaktflate ut i verda har det aldri
vore noko problem at me må
forhalda oss til folk med andre tankar og meiningar. Det me krev av oss
sjølve og andre er likevel
eit visst minstemål av folkeskikk, sakleg stil og romsleg tone i høve til andre.

Det er lenge sidan eg slutta å tru på at den sokalla venstresida hadde dette
som felles haldning.
På den sokalla venstresida er det altfor mange som skit i denslags,
samstundes som dei ogso elskar
å slengja drit på det vanlege folk elles set høgt eindel tradisjonar,
nasjonen og eindel grunnleggjande
moral. For meg er det difor lenge sida venstresida har oppløyst seg sjølve
som meiningsgjevande omgrep.

I mellomtida får me andre slita hardt med å tileigna oss innhaldet i
meisterens ord (ikkje den himmelske).
Lesevandskar er eit stort problem for mange. For KVJ er det kanskje eit
større problem at han berre svært
sjeldan kan skriva utan å falla for freistinga til å halda domedag over
levande og daude. Det er synd for
KK-forum, men ogso synd for han sjølve.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41