Nye krosstog

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 9 Dec 1997 09:43:41 +0100

Eg viser til innlegg eg posta på KK-forum 2/12
(Emne:ZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZ). Det var diverre
ikkje heilt uventa at "spådomen" min frå siste avsnittet skulle gå i
oppfylling.

For den som måtte vera i tvil: Eg siktar her til at KVJ ikkje greidde å
halda seg unna å koma med nye strålande
bidrag til konstruktivt ordskifte på KK-forum. Eit instruktivt døme frå eit
innlegg dagsett 8/12:

"Som det sto på Universitetet i Torino i 1978, henvendt til maktens
kannibaler: Et kjempemessig latterbrøl vil begrave Dere! Det er slettes ikke
nødvendig for den oppmerksomme leser å lese KK for å føle den begynnende
kitlende fornemmelse av dette latterbrølet, selvom de gravalvorlige AKPske
og donaldduckmarxistiske maktaspiranter og deres fotballprofessor nok blir
blant de siste i Europa til å oppdage det. Dannede Aftenpostjournalister er
leveringsdyktige i mere potent kapitalismekritikk bare ved å holde seg til
facts enn gallesure AKPere er når de dikter over kildene for å få partiets
verdensbilde til å stemme og med lupe oppdager stadig nye tegn på
ml-rennæsanse i stadig mere obskure avkroker. Et KK under AKP-kontroll og
med AKP-sensur vil fungere som et levende argument mot en fornyet sosialisme
i Norge."

Imponerande er det ordet eg finn mest dekkjande=A8. Det syner klårt at det
ikkje er berre partitru marxistar som er i
stand til å syna ei arrogant "eg åleine vita"-haldning av skikkeleg av
sterkt religiøst merke. Dei som har gjort
det til livsoppgåve å kritisera AKP i alle samanhengar der det er mogeleg,
mest mogeleg skarpt og antagonistisk,
syner seg som dei største dogmatikarane. Eg forstår godt at Jorun
Gulbrandsen & co. ler godt og hjarteleg av denne
formen for kritikk fordi han faktisk vekkjer meir antipati imot kritikaren
enn han vekkjer imot det som vert kritisert.

KVJ har tidlegare peikt på kor legitimt det er å formidla sorg- og
sinnereaksjonar på KK-forum. Han veltar stendig
fram som ei endelaus stadfesting på at det må vera mykje vondt og trist her
i verda som han slit hardt med å rista av
seg ved terapeutisk skriving. Etter det eg kan forstå kan dessutan
minipartiet AKP knyttast til dei fleste problem som
har med Noreg å gjera - dei må vera driftige.

Me bør ha medkjensle med dei medmenneska som strevar og har det tungt.
Spørsmålet mitt er om terapeutisk skriving av dette
slaget faktisk verkar. For meg ser det ut som om angst- og aggresjonsnivået
er nokso konstant, kanskje det ikkje hjelper
likevel???

So uendeleg mykje meir konstruktivt ordskiftet om sosialisme/sosialismen
historie/samtidsaktuelle saker/visjonar for framtida
hadde vore dersom kritikk kunne reisast skarpt og klårt utan å halda
konstant domedag over levande og daude. Er det so vandsleg
å forstå det?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41