Lunden, Tinnesand og rosen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 5 Dec 1997 09:49:34 +0100

Sonja Tinnesand kritiserer meg for å ha gått av hengslane i rosen av Kåre
Lunden sin artikkel
"Saklig smilende" - Gros sjølvportrett (KK 2/12), serleg ille skal visstnok
bruken av ordet "herleg"
ha vore. Lat meg difor sitera resten av samanhengen: "Det var noko for
intellektuelle frå alle klassar
- og so herleg fritt for intellektualistisk posering og framheving av seg
sjølv". Med bakgrunn i at
dette i periodar ikkje har vore typisk for innhaldet på kultursidene i KK
fann eg grunn til å slå til
med ordet "herleg". Eg ser ikkje heilt at dette er å gå av hengslene.

Sjølv om Lunden sin artikkel ikkje vil gå over i historia over dei eg vil
hugsa aller lengst, meinte eg at han
var god og lærerik. Lat meg utdjupa dette. Tinnesand peikar på at kritikk av
sjølvsoga til Gro er ein idrott det
er lett å gjera det godt i (og viser til meldingar i Morgenbladet og Dagens
Næringsliv). Ho skriv vidare at
Lunden sitt syn og vinklinga hans fyller dette ut på ein "utmerket måte".
Ja, akkurat det er det som er poenget.
Lunden set sjølvboka inn i ein større samanheng, han dreg inn Sverresoga og
eigenomtale av andre sentrale historiske
og politiske personlegdomar, han dreg inn Gro som høgrepolitikar og at ho
ikkje kan reknast som nokon kritisk
medviten intellektuell. Det er dette som gjer at lesinga av Lunden tilfører
vurderinga av denne sjølvsoga noko nytt
og som legitimerer at ein kan skriva rosande om dette.

At Tinnesand presterer å tolka denne rosen som eit uttrykk for at det er eit
labert nivå i KK no er no so. KK-ordskiftet
i seinare tid har lært meg eindel om at folk (og dette gjeld båe sider) har
trong for å stadfesta gong på gong at dei har
rett. Dette gjeld ogso domedagsprofetar eller sterke skeptikarar som trur
avisa vil forfalla eller gå under. Dersom du meiner
KK no er so laber - so skriv litt om det då vel - i staden for å tilleggja
andre vurderingar dei ikkje har. Har du gode kritikkar
kunne det dessutan henda at nokon ville læra av det, eller var hovudpoenget
å reagera på ei rosande omtale og marknadsføra
misnøye med tilstanden i KK?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41